Kva tilbyr me?

Skal du planleggja ei utflukt eller ein konferanse?
Eller treng du nokon til å leia eit prosjekt?
Me kan hjelpa deg med det, og mykje meir!

Opplevingar med glimt i auga

Ryfylke Livsgnist er ei bedrift med jordnære medarbeidarar. Men me er slettes ikkje redde for å ha litt høge tankar om det arbeidet me utfører. 

Treng du hjelp til lagbygging, konferansar, utflukter, prosjekt av ulike slag, matshow, underhaldning eller inspirerande kåseri, har me folk som kan hjelpa deg. Ofte får me kommentaren etterpå: «Dette er den kjekkaste samlinga me har hatt». Ryfylke Livsgnist har erfaring frå små samlingar til svært store arrangement.

Me er stolt medlem av Ryfylkealliansen, og har gode kontaktar inn mot mange ulike bransjar i Ryfylke.