Så mykje meir enn ein konferansier
Som de ikkje har sett maken til før!
Mange kan leia forsamlingar. Få, om ingen, kan laga smil og solid innhald betre enn Maria, Bjørn-Erik og Tor Øyvind. Det var tøft sagt det. Men, me meiner det også.
Lyst på noko anna enn berre ein som introduserer neste talar. At det blir litt meir lunt og livleg? At folk skal seia: Denne konferansen er noko av det beste me har vore på.
Tor Øyvind Skeiseid er ein mykje brukt konferansier i Rogaland og elles i landet. Når han får leika seg saman med Maria Flesjå Sivertsen og Bjørn-Erik Zahl, blir det minst fire gonger så bra. Dei siste åra har trioen hatt stor suksess med å ta ansvaret for både dagsarrangementet og festmiddagen om kvelden.
Med spesialskrivne introar, medleyar og skråblikk får forsamlinga noko som handlar om tema, arrangør, deltakarar og plass på ein heilt spesiell måte. Med musikk, humor og verbale slagsider kan kva konferanse som helst bli til ei kulturell hending, utan at det går ut over innhaldet for samlinga i det heile.
Me førebur oss grundig, både når det gjeld tema, innleiarar og publikum. Folk skal merka at denne konferansen er nettopp berre her og nå. Bjørn-Erik, Maria og Tor Øyvind veit kven dei er hos, og kan dermed presentera innleiarar, innslag, debattar og middagar på ein heilt særmerkt måte.
Klar for konferanse med heilskap? For ein konferansiertrio, som byr på vakker og munter song, skråblikk og seriøsitet? Her er me!