heftig & frivillig

med Skeiseid og Schøld

Eit skråblikk på begeistring og verv, dugnad og slitasje i den frivillige kvardagen.

2022 var det store frivilligåret i Norge. Men, «Heftig & Frivillig» heldt koken også i 2023, og nå vidare inn i 2024. Akkurat som resten av den frivillige innsatsen. Ja, kva hadde Norge vore utan dei frivillige? Tor Øyvind Skeiseid og Aril Schøld feirar det frivillige engasjementet med sitt spesialskrivne stykke: Heftig & frivillig. Med humor, musikk, funderingar, alvor, positivitet og ettertanke tar dei to deg med i eit skråblikk på frivilligheita sine opp- og nedturar. 

Aril og Tor Øyvind er begge over middels engasjerte på frivillig basis. Idrettslag, kor, sundagsskule, ungdomsarbeid og all slags organisasjonsarbeid har prega deira liv. Aril mottok kulturprisen for Randaberg kommune i 2017, medan Tor Øyvind fekk Finnøy kommune sin kulturpris i 2012. Utan at det i seg sjølv er så viktig. 

Duoen skriv manus og musikk i lag, og elskar system og kreativitet. Dette er noko dei dagleg får leika seg med i Ryfylke Livsgnist, Stavanger Gospel Company og tallause konsept, på tallause arenaer. Heilt frivillig. Og hugs: Når kalenderen er full, er det alltid plass til litt meir.

Me trur Heftig & frivillig kan vera til inspirasjon, glede, latter, motivasjon og engasjement. Skeiseid og Schøld kjem gjerne til dykk. Framsyninga passar både i kulturhus og klubbhus, kyrkjer, bedriftskantiner, bedehus, forsamlingslokale og konferansesalar. Heftig & frivillig varer i utgangspunktet ein god time, men kan løftast opp til både 90 minutt og temadag, eller justerast ned til 25 minutt som eit inspirerande pust.

 

Alle foto: Geir Landa

Ta kontakt

Aril Schøld
996 38 633
aril@lifesound.no

Tor Øyvind Skeiseid
982 06 333
tor@ryfylkelivsgnist.no

Kven er me?

Aril Schøld er musikar, produsent, arrangør, dirigent og prosjektleiar. Han har samarbeida med mange nasjonale og internasjonale artistar, vore musikar i ulike nasjonale TV-produksjonar og fleire teater- og revyproduksjonar. Aril komponerer også eigne melodiar, i alle moglege sjangrar. Hans store hjartebarn er Stavanger Gospelcompany, der han er dirigent og leiar. Dette er eit av landet sin mest aktive kor, med stort nedslagsfelt regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Kvardagsmenneske Aril trebarnsfar, ektemann og levande engasjert i Randaberg Idrettslag, Frelsesarmeen og anna lagsarbeid, ikkje minst i heimbygda Randaberg.

.

Tor Øyvind Skeiseid er NRK-journalisten som flytta heim til barndomsøya Finnøy i 2003. Der er han kvardagsleg leiar i Ryfylke Livsgnist, som driv med kulturopplevingar i eit vidt spekter. Tor Øyvind er forfattar og skodespelar av større sceneproduksjonar som «Haugespor» og «Luther med latter». Han har styrt med Tomatfestivalen i 15 år, og har saman med Arne Nordbø tatt imot over 16 000 menneske til opplevingskonseptet «Vandring i bedehusland». Som Ryfylkepatriot er han dagleg leiar i Ryfylkealliansen, som jobbar for å løfta fram Ryfylke. Mann, trebarnsfar, fotballtrenar- og leiar, sundagsskuleleiar og ungdomsleiar er kjerneorda knytt til Tor Øyvind.

 

Sjå kva meir me tilbyr >>