konferansier

Løftar forsamlinga

Det er kanskje ikkje så vanskeleg å seia kva neste programpost er? Men, om det i seg sjølv blir eit høgdepunkt, då har ein oppnådd noko spesielt.

Har du kjeda deg på konferanse eller seminar? Traust og tørt, litt lite inspirerande introduksjonar? Då er det kanskje på tide å bruka Tor Øyvind Skeiseid frå Ryfylke Livsgnist som møteleiar.

Mandatet er klart; skap god stemning, hald tidsskjema og gje folk i salen ei god oppleving. Det gjer me med humor, gjerne song, grundig førebuing og å vera fullt til stades.

Tor Øyvind har erfaring frå eit par hundre konferansar og samlingar i over 20 år. Og då snakkar me om eit vidt spekter av bransjar og emne. Mottoet hans er «Gøy og grundig». Han tar kontakt med innleiarar i forkant, set seg inn i tema, spør og grev. På den måten kan han stilla best mogleg førebudd, og kan både vera seriøs og løyen om sakene som er aktuelle.

Kombinasjonen Tor Øyvind, saman med ein medprogramleiar, musikar, songar eller humorist slår også godt an. Då er me to i lag, som gjennom skodespel, skråblikk og dialog gjer konferansen, seminaret eller jubileet ekstra spennande.

Treng de konferansier? Ta kontakt med tor@ryfylkelivsgnist.no 

Foto: Marius Vervik

Foto: Kjersti Riiber

Foto: Halvard Bøe

Foto: Kristofer Ryde

Foto: Halvard Bøe

Foto: Halvard Bøe

Sjå kva meir me tilbyr >>