Kvardagsfunderingar med skeiseid

Eit skråblikk på livet

Av og til kan det vera greitt å ta ei lita stund og sjå på livet og livets utfordringar. Det likar også me, med både humor og alvor. 

Me har alle høyrt på motivasjonsforedrag om å ta dei rette vala, takla livet, prestera på høgt nivå og alt som gjer ein til supermenneske. Men, korleis er eigentleg dette livet? Ja, også livet i fellesskapet – på jobb, i forsamlinga, laget,  heimen. 

Tor Øyvind Skeiseid har to ulike undrande skråblikk, med meining, humor og påfyll. Ja, som kan passa som lagbygging og eigen motivasjon. 

Dei to skråblikka har han kalla: 

  • Hårfin balanse, kapasitet og komfortsone 

Når ein skal takla, seia ja, seia nei, roa ned eller speeda opp. Og du så kort veg det er frå stress til overskot, tungsinn til glede. 

  • Det forbaska perspektivet 

Det er alltid nokon som har det verre. Bare tenk på … Det gjeld å setja det i perspektiv. Men, viss du ikkje ser perspektivet då? Det må vel vera lov å sjå sitt eige elende. Eller?


Skeiseid kjem med sine funderingar der de er og treng scenegnist. Det varer ein liten halv time.

Foto: Kristofer Ryde

Sjå kva meir me tilbyr >>