Den intense historia
Tusen års historie på ein time
Klar for ei historisk tusenårsreise? Ja, der me kjem til dykk? Og me leiker med lokal og nasjonal historie på vår særeigne måte. Historia om kvardagstru og kongsmakt, slit og strev, pest og glede.
Frå Heilag Olav og banesår til kvinneprat og basarvår. Bland inn litt steinbygging, nonnesong, latinske gloser og nasjonalstemning.
Eirin Nordbø Akselrod, Maria Flesjå Sivertsen, Bjørn-Erik Slim Zahl og Tor Øyvind Skeiseid i Ryfylke Livsgnist. Tre skodespelarar og ein gitarist. Ei førestilling med mange skift, vakker song, funderande skråblikk og leikande involvering.
Ein times tid er eit passande format – og me tar utgangspunkt i historia til plassen me kjem til, men blandar alltid inn sentrum i verda: Finnøy.
Denne type førestilling passar gjerne i høve medarbeidarfestar, underhaldningskveldar eller inspirasjonssamlingar i kyrkjelyder, forsamlingar, lag og organisasjonar.