kyrkjemusikk gjennom tusen år
Ei historisk reise med salmar, song og stilfulle skråblikk
Tusen år med kyrkjemusikk servert muntert og melodiøst, kreativt og kunnskapsrikt. Slepp Arne Martin Aandstad og Tor Øyvind Skeiseid fri på tangentar og scene! Då får de ei historisk reise som overraskar og begeistrar.
Frå øyparadisa Talgje og Finnøy kjem to karar som er glade i musikk, historie og formidling. Kantor Arne Martin Aandstad og kulturformidlar Tor Øyvind Skeiseid likar å sjå lange linjer og praktisk kvardag i eitt. Sjølv kjem dei frå plassar med gamle mellomalderkyrkjer, og er slik sett blitt historisk-musikalsk påverka av omgjevnadene.
Duoen tar utgangspunkt i Norsk salmebok 2013, og tar publikum med på ei tydeleg tusenårsreise. Det blir takt, tone og tøffe historier, og sjølvsagt blir det allsong.
Her er alt frå gregoriansk munkesong til moderne lovsong. Bland inn litt makaroni, pølsekø, Luthersokkar, ein dobbel dose Hauge, julestemning året rundt, barne-TV, OL på Lillehammer, salmetempostrid og Håvard Hedde. Ja, då har du berre litt av ingrediensane Arne Martin og Tor Øyvind byr på.
Framsyninga varer i om lag 80 minutt, og passar i alle kyrkjerom som har både orgel og piano. Me kjem gjerne til dykkar kyrkjelyd og inspirerer!
Om bidragsytarane
Arne Martin Aandstad fann både kjærleiken og musikkgleda på Talgje i Ryfylke.
Til dagleg er Arne Martin kantor på Avaldsnes i Karmøy kommune. Han spelar også diverse instrument i gruppa Rust&Moll. Arne Martin har ei lun og kunnskapsrik framtoning. Få kjenner tusen år med kyrkjemusikk betre enn han.
Tor Øyvind Skeiseid er frå Finnøy og kvardagsleg leiar i Ryfylke Livsgnist. Han har mellom anna drive konseptet Vandring i bedehusland i over 20 år. Underhaldning, konferansieroppdrag, prosjektleiing, kåsør og formidlar er stikkord som kan brukast om Tor Øyvind.
Foto: Even Weibell