Utemat

Mat servert ute, det er godt det!

Noko av det beste du kan få, er mat servert ute i frisk luft. Og frisk luft har me på Finnøy, i mengder. Dessutan smakar mat frå Ryfylkekokken ekstra godt i friluft 

Me byr gjerne på utemat på Søre Vignes, i det nedlagte festningsanlegget «Tyskerhålene». Her liker kokken å fyra opp bålet, ja eld er jo eit av elementa me alle har sans for. Her kan du nyta lokale råvarer som får godgjera seg på open varme.  

Kokken bruker råvarer som har identitet og lokal forankring på og rundt våre frodige øyar. Gode grill- og båltips høyrer med, og ein skikkeleg god kaffikopp, kokt i bålkjelen, på aller beste vestkant av Stavanger kommune.  

Matrettane følgjer ofte årstidene. Då kan me gjerne by på:  

  • Eplegløgg som velkomst. På ekstra varme dagar, kan me servera gløggen kald med «farris»-bobler i. 
  • Nybakt brød med heimelaga majones eller smør. 
  • Laks på plank – med ramsløkpure som er plukka på Halsnøy. Med krema, varm fiskesaus.  
  • Lam på grillen. Ureist og berekraftig. Lammesaus med sjalottløk 
  • Nypoteter, nykål og masse friske tomatar frå drivhusa rundt oss!  
  • Sesongbasert dessert , blåbærgryte på haust/vår – Rabarbra, jordbær – eggedosis/krem  

Eksklusiv versjon? 
Naustet Rasmusstø i Steinnesvåg – utemat for grupper opp til 15 personar  

– Back to the basic food.  

Sjå kva meir me tilbyr >>