Haugespor
Eit jubileumsspel i Hans Nielsen Hauge sine fotspor
– 250 år etter hans fødsel.
HAUGESPOR
– Skaparånd, spetakkel … og strikkepinnar
Kvifor eit jubileumsspel om Hans Nielsen Hauge?
Vil du læra, le og bli riven med? Av myndige bondekoner, sjølvgode potetprestar, håplause lensmenn og trongsynte pietistar? Hans Nielsen Hauge og haugianismen er ein himmelsk lapskaus av kvardagsliv, åndsliv, næringsliv, fattigdom, rikdom, konfliktar og kreativ rekneskapsførsel. Haugerørsla har sett djupe spor i landet generelt og Vestlandet spesielt. Ryfylke Livsgnist presenterer eit historisk og humoristisk skråblikk på haugianismen, 250 år etter Hauge sin fødsel. Me trur jubileumsspelet kan hjelpa oss å sjå kvifor me blei som me blei her landet.
Om jubileumsspelet
Bli med tilbake til perioden 1796 til 1842, og opplev kva som skjedde i bygd og by på Vestlandet – med ein hyperaktiv, strikkande Hans Nielsen Hauge i front. Møt dei som var med og mot, forfølgjarar og etterfølgjarar. Musikalske perler, gripande situasjonar og gapskrattande scener kjem på løpande band. Fire skodespelarar og musikar speler om lag 20 roller i løpet av halvannan time. Lek og lærd, styrande kvinner og myndige menn, bønder og handelsfolk, biskop og lensmann, alvorstynga predikantar og lystige haugianarar. Haugespor er ei førestilling som kan spelast i kyrkjer, konferanselokale, bedehus, gymsalar, industrikantinar, ja der folk kan samlast. Me speler gjerne der du ønskjer.

Premiere på Utstein Kloster laurdag 3. april kl. 18.00, på Hauge sin fødselsdag.
Entré 320 kr.
Vil du sikra deg billettar før nettsalet startar: send e-post til tor@ryfylkelivsgnist.no.
Pilegrimsgarden held ope med enkel servering før og etter førestillinga.
Arrangør: Ryfylke Livsgnist og Utstein Pilegrimsgard
Spelestader for førestillinga «Haugespor»:
(Me oppdaterer lista kontinuerleg.)
03. april kl. 18.00 – Utstein kloster, Stavanger
07. april kl. 19.30- Hinna kyrkje, Stavanger
20. juni – kl. 19.00- Molde Domkyrkje
18. juli – Svanøy Hovudgard
19. juli – Bergen
10. sept – Egersund kirke
17. sept – Tau nye kyrkje, Strand
Vil de at me skal koma og spela hjå dykk?
Ta kontakt på tor@ryfylkelivsgnist.no / 982 06 333.
Haugeskråblikk
Ryfylke Livsgnist tilbyr Haugegleder i tillegg til sjølve førestillinga Haugespor. Til temakveldar, konferansar, seminar mm. Sjå her.
Program for Haugeåret:
Jubileet blir markert på ulike måtar i løpet av året. Klikk deg inn her for ei oversikt over det me veit om / skal vera med på.
(Programmet blir oppdatert kontinuerleg.)
KVEN VAR HANS NIELSEN HAUGE (1771-1824)
Han var modig, målretta og hadde stor arbeidskapasitet. Hans Nielsen Hauge starta det som må kallast Norges første, store grasrotrørsle. Målet var å gje folk ei bevisst tru, sjølvtillit, moglegheiter og arbeid. Hauge blei motarbeidd av embetsverket, forfølgd og fengsla. Han døydde svak og sjuk, berre 53 gammal. Men, lekpredikanten, samfunnsbyggjaren, entreprenøren, forfattaren, likestillingsforkjemparen og handelsmannen Hauge hadde då sett i gang ei stor endring av det norske samfunnet. – Hauge er arkitekten bak det moderne Norge, vil mange hevda. Martin Luther endra Tyskland. Hans Nielsen Hauge endra Norge. To sider av same sak. Bli gjerne meir kjent med Hans Nielsen Hauge i 2021, gjennom bøker, spel, føredrag og ikkje minst med å lesa meir om bondesonen frå Østfold på www.haugesminde.no.
AKTØRANE
Ryfylke Livsgnist har opp gjennom åra sett opp fleire ulike kulturhistoriske spel og førestillingar. Blant anna Spelet om Ogmund Finnsson, Luther med latter, Nåde og Historisk vandreteater i Tyskerhålene for å nemna nokre av dei største. Tor Øyvind, Silje, Tolli og Svanhild har hatt sentrale roller i alle desse oppsetnadane. No er dei klare for å bringa spora etter Hauge ut i verda.
Musikalsk ansvarleg Aril er ein drivande dyktig gitarist, produsent, komponist, arrangør og dirigent.

Tor Øyvind Skeiseid
Skodespelar og manusforfattar

Silje Vignes Flesjå
Skodespelar

Tolli H. A. Frestad
Skodespelar

Svanhild Eggebø Spanne
Skodespelar

Aril Schøld
Musikalsk ansvarleg
SAMARBEIDSPARTNARAR
Gode samarbeidspartnarar er viktig. Me jobbar tett saman med Stavanger bispedømmekontor i samband med Haugeåret. Rogaland fylkeskommune har ei aktiv haldning til å støtta gode, kulturelle prosjekt i Rogaland. I tillegg har me fått støtte frå både Epafras legat, som gjennom mange år har støtta kulturelle og historiske satsingar, Stiftelsen Fritt Ord, som jobbar for å fremja ytringsfridom, offentleg debatt, kunst og kultur, og Bergesenstiftelsen, som er ein privat stiftelse som mellom anna støttar ulike kulturelle formål.