Underhaldning

Le med Livsgnist

Alle kan fortelja ei god historie. Nokon kan fortelja mange utan at det blir langdrygt. Med timing.

– Kor får dei det frå? Eg lo så eg grein. 

Det er lett å seia at vår humor er bra. Men, me har jo ein variasjon etter kva de er ute etter. Personar som Oddvar Vignes, Arne Nordbø og Tor Øyvind Skeiseid har eit kåserande og standup-preg, der dei er seg sjølve når dei skapar godstemninga. Eller kva med Maria Flesjå Sivertsen og Tor Øyvind i tospann, som spesialskriv nummer til nettopp den forsamlinga ein skal til. Og me har gjerne med oss musikar Bjørn-Erik Slim Zahl. Det gjer alltid susen. Av og til lagar me kabaret om nettopp dei me opptrer for. Leif Arild Steen er den heseblesande løgne og morosame, med treffande replikkar, allsong og eit avsindig skråblikk på livet.

Me likar å førebu oss godt. Derfor er det alltid kjekt å få vita litt meir om dykk, kva de gjer elles på festen, konferansen, samlinga osv. Då kan humoren frå oss treffa ekstra god. Ja, me gjer vårt for at akkurat dykkar forsamling, organisasjon, bedrift eller lag kjenner at det var verdt det.  

Ti minutt, halvtime, tre kvarter eller ein time. Ein bolk i starten og litt på slutten? De bestemmer. Me vil gjerne vera med å fyra opp stemninga hjå dykk der de er. 

Foto: Lars Arvid Oma

Foto: Geir Landa

Sjå kva meir me tilbyr >>