Energignist
Energiskapande og meiningsfullt!
Kjenn på eit pulserande og berekraftig fellesskap! Lat konkurransenerva dirra. Bli med på oppkoket og bruk energien rett. Ein boost for både arbeidsmiljøet og miljøet.
Kvardagsfest på Finnøy er både konkurranse, god stemning, herleg mat og livsglede. Det er også samarbeid og utfordringar av det energiske og berekraftige slaget. For me tar fem av FN sine berekraftsmål inn i vårt engasjerande og meiningsfulle konsept «Energignist». Saman med Ryfylkekokken byr me på ein smakfull energistart, før de sjølve skal vera aktive og løysa utfordrande oppgåver. Fortrinnsvis er me utandørs i det nedlagte festningsanlegget «Tyskerhålene» på vestsida av Finnøy.
Korleis kan ein liten gnist skapa varme, puls, mat og livskvalitet? Og korleis bruka konkurranseinstinktet rett når oppgåvene skal løysast med list og energi? Me nyttar ressursane rundt oss når me både skal koka opp, roa ned, tenkja klart og balansera energien?
Forresten: korleis kan «Ansvarleg forbruk» vera gøy, utfordrande og lærerikt på same tid? På Landahuset i Steinnesvåg ventar nye utfordringar, fin atmosfære, og nydeleg mat servert av Ryfylkekokken. Eller for å seia det rett ut: det er de som sørger for at maten til slutt blir klar for servering. Ja, det blir ikkje mat utan grundig involvering. For her skal alle til pers, og dei ulike laga må skapa rett for rett for rett for rett. Her bruker me råvarer og ressursar me har rundt oss, med minimalt med svinn. Alt kan nyttast! Også restane.
Undervegs byr me på historier, aktivitetar og refleksjon, og kort veg frå latter til undring. Målet er å kjenna på fellesskap, livskvalitet, bevisste tankar om ressursbruk, kombinert med humor, leik og refleksjon.
- Tilpasningsdyktig for alle gruppestorleikar.
- Energignist kan også utførast andre stader enn Finnøy. Deler av opplegget foregår ute, så gode klede er smart.
- Varigheit på opplegget blir etter dykkar ønske og behov, men set gjerne av 5-6 timar. Alt kan likevel tilpassast.
Interessert? Ta kontakt med maria@ryfylkelivsgnist.no
Foto: Geir Landa
Foto: Elin Engelsvoll