Skråblikk frå Slimmen og Skeiseiden

Skal me ha det kjekt saman?

Vil de le av dykk sjølve? Kjenna stoltheit og glede? Merka at fellesskapet svingar og sjølvironien sit laust? Få med Bjørn-Erik Slim Zahl og Tor Øyvind Skeiseid på dykkar arrangement, og lat musikk og moro få prega samlinga.

Kva er det me gjer? Me blir kjent med dykk i forkant. Kva held de på med? Kven er de? Aktivitetar? Tilbod i kvardagen, utfordringar og gleder. Me tenkjer, førebur oss, skriv og er litt ute av boksen.

Kva skjer? Me kjem på dykkar tilstelling, har gjerne ein times framføring, med songar, skråblikk og sidespark, som handlar om dykk, det som de gjer og det me relaterer til akkurat dykkar kvardag.

Og så? De får underhaldning med stil. Frå to som lagar opplegg akkurat for dykk. Som ikkje er eit eller anna stand-up gulp. Men, stilreint, skikkeleg og løye.

Kven er me? To karar – plassert tidleg i 50-åra, som har fagfelt musikk og framføring. Og førebuing. Dessutan er me her for dykk!

Kva passar det til? Firmasamling. Medarbeidarfest. Frivilligheitsfest. Internkurs. Årsmøte. Kick-off. Ja, kva det skal vera – der de er i sentrum!

tomatgartneri, sølvsmed og med mat hjå Ryfylkekokken eller Arena Utsyn? På Arena Utsyn kan me også tilby «Historietimen me aldri gløymer». Då har Maria og Tor Øyvind ein 45 minutts involverande historietime, som er både løyen og konkurranseprega.

For å toppa 1000-årsreisa stansar me til slutt ved gardsbutikken på Finnøy Heimgard. Mat og andre produkt frå lokale produsentar hjå Hanne Flesjå Reilstad og Torstein Reilstad. Rett og slett snadder og vel verd eit besøk.

Sjå kva meir me tilbyr >>