VAndring i bedehusland

Julegåve i bedehusland

Vanskeleg å finna den rette gåva til jul? Kva med å gje Arne Nordbø og Tor Øyvind Skeiseid i presang? Ja, i fritt fall i bedehusland!

Sundag 28. april 2024 blir det nemleg open påmeldingstur til Vandring i bedehusland på Finnøy. Så langt har 16 498 menneske fått med seg duoen Nordbø og Skeiseid, på det som er ei rotekte, lærerik og humørfylt historiereise. opplegget passar for folk som har lett for å le og som likar formidling av ekte varer. 

Arrangementet opnar for påmelding rett etter nyttår. Men, alt nå kan du kjøpa «Vandring i bedehusland spesial» som julepresang til nokon du er glad i eller til deg sjølv? 

Fakta: Vandring i bedehusland spesial
Dato: Sundag 28. april 2024
Start: Kl. 15.00 i Hesby kyrkje på Finnøy
Vertsskap, historieforteljarar og underhaldarar: Arne Nordbø og Tor Øyvind Skeiseid.
Frå Hesby kyrkje drar ein i eigne bilar, men samla flokk, til Bethel bedehus på Judaberg. Her ventar eit herleg måltid med gongkaker med tomatsyltetøy, kaffi, te og lokal eplemost. Glade og metter er me så klare for den store bedehusrevyen på Bethel, der Arne og Tor Øyvind karikerer, fortel og syng så tårer sprett og ein og annan klump i halsen kjem fram. Inkludert basarstemning.
Ein rundtur på bedehusutstillinga på galleriet høyrer også med.
Vandring i bedehusland Spesial er ferdig ca kl.19. Ja, for det blir spesialtur!

Prisen er 450 kroner per person, inkl. mat og opplegg. Men, dei som bestiller før jul kan kjøpa gåvekort for 400 kroner per person. 
Ta kontakt med: maria@ryfylkelivsgnist.no – 934 96 769

Ei kulturhistorisk reise med glimt i auge

Bli med til Finnøy, og ei heilt spesiell oppleving med tomatar, middelalderstemning og bedehushumor på jordnært vis. Her er mange bedehus, og eit aktivt bedehusmiljø. Men her er også ei rik historie og ein mangfaldig landsbruks– og handverkskultur!

Underhaldarane og omvisarane Arne Nordbø og Tor Øyvind Skeiseid tar deg med på ein tur du lever på i lange tider.
Rundt på Finnøy kan du få med deg omvising i Lauvsnes Gartneri, gongkaker med tomatsyltetøy og julestemning i middelalderkyrkja på Hesby.
Eller kva med eit eksotisk besøk i den pitte litle pinserørsla på Sion Bedehus eller ein handlestopp hjå Sølvsmeden på Finnøy?
Høgdepunktet er uansett bedehusrevyen på Bethel bedehus. Lunt, historisk og humoristisk. Mange gjestar opplever både lattertårer og klump i halsen!
Karikering av bedehustypar, forteljingar og spenstige sitat kjem i ei herleg blanding. Alt i ein morosam, men verdig tone. Basar, song og tale set ein ekstra spiss på besøket. Og når applausen har lagt seg, er du velkomen opp på galleriet til Rogalands einaste bedehusmuseum!
Middag og dessert på Utsyn Ungdomssenter høyrer også med. Heimelaga mat med stor H!

Sjå praktisk info under bileta!

Latteren sit laust på Vandring i bedehusland.  Foto: Hjørdis Halleland Mikalsen

Praktisk info

Servering

Det er to måltid mat på desse turane:
Gongkaker med tomatsyltetøy til lunsj, og middag med dessert på Utsyn til slutt.
Menyen for middagen avgjer de på førehand.

|

Gruppestorleik

Frå 20 personar og oppover.
Ei busslast er ei fin gruppe! Men me tek imot større grupper også.

r

Klede etter ver

Sjølv om det aller meste av turen foregår innomhus eller i buss, er det alltid greit å ha ein tanke for at ein har kledd seg etter veret.

Varigheit

Ein Vandring i bedehusland tar frå 6-8 timar.

Sjå kva meir me tilbyr >>