Mat og glede

Mettande, muntert og musikalsk

Mat og musikk samlar folk. Meiningsfulle utfordringar, latter og overraskingar likeså. Med Ryfylke Livsgnist kan du få både i bålpanne og kjøkkenbenk, frå notebank og dagens meny. 

Dei beste smaksopplevingane frå Ryfylke får du frå Ryfylkekokken. Garantert. Saman med Ryfylke Livsgnist blir måltidet av den heilt spesielle sorten. Me kan metta og gleda grasat mange på ein gong, eller eit lite selskap. Nydelege smakar, jordnær servering, involvering, humor og innhald er stikkorda.  

Ein «løyen lunsj» eller ein gnistrande dag, song rundt bålet eller ein fem rettars kveldsmiddag. Me har det meste og tilbyr det beste. 

Sjå kva meir me tilbyr >>