Historiske heltar

Kåseri: Hans og Gustava – er det slik det heng saman?

Interessert i historie? Eller ikkje? Uansett – det er ein grunn til at me er der me er i dag.  

Tor Øyvind Skeiseid er spesielt nysgjerrig og begeistra for to spennande skikkelsar, Gustava Kielland og Hans Nielsen Hauge. Hauge (1771-1824) er den nordmannen som har hatt mest å seia for grasrotrørsla i Norge, gjennom forkynning og entreprenørskap. Gustava Kielland (1800-1889) er ansvarleg for den første sjølvstendige kvinneorganisering i landet, og dessutan forfattaren av «O jul med din glede.» 

Og kor budde Gustava? På Finnøy, sjølvsagt. Det i seg sjølv er viktig, og ein grunn til at finnøybuen er slik dei er i dag. Men, Rogaland, Vestlandet, ja landet med hadde ikkje vore det same utan Hans Nielsen Hauge og Gustava Kielland.  

Bli med på ei underfundig reise, der latteren sit laust og refleksjonen får fotfeste. For kvifor blei det som blei? Er du klar for både å bli litt stolt over historia? 

Kåseriet kan haldast kor som helst og varer 45-60 minutt.

 

Foto: Geir Landa

Foto: Tim Antonsen

Sjå kva meir me tilbyr >>