Jul med gustava

«O Jul med din glede»
-Jul med Gustava Kielland

Ei førjulsoppleving i eit 200-års historisk spenn. Lunt, morosamt, stemningsfullt og utan stress!

I Gustava Kielland sine fotspor. Berre på Finnøy!

Jul med Gustava tar ein pause i 2024 grunna oppussing av Hesby kyrkje, men alt er klappa og klart for nye grupper i 2025.


«Vi ønsker deg alle velkommen»

Gustava Kielland er mest kjent for å ha skrive «O jul med din glede» og for å ha starta den aller første misjonskvinneforeininga i Norge. Som prestefrue på Finnøy (1824-1837) sette ho og mannen Gabriel djupe spor etter seg. Bli med i spora, som er av både det muntre, rørande og overraskande slaget. Frå barndomen i Kongsberg, via Stavanger, Drammen, Finnøy, Lyngdal og til alderdomen i Skien.

«Og vi ville også så gjerne derhen»

Når de kjem til Finnøy, møter historieforteljar og vert Tor Øyvind Skeiseid dykk ved tunnelopninga på Ladstein. På nokre få straksar hamnar me tilbake til 1824, og eit spennande tidsbilete og ei spennande forteljing. Tor Øyvind er med heile dagen, og serverer den raude 1800-talstråden gjennom Gustava Kielland sitt liv.

«Vi vet nok hvorhen de skal drage»

Neste stoppestad er i mellomalderkyrkja Hesby kyrkje. Det gjer godt med ein kaffikopp og enkel julebakst frå start av. Og det går ikkje lenge før Gustava sjølv dukkar opp, og tar oss med i kvardagsliv og julefeiring på Finnøy for snart 200 år sidan. Senk skuldrene og opplev ei blanding av musikk, skodespel og historieformidling framført av Gustava Kielland (alias Svanhild Eggebø Spanne), finnøypresten Gabriel Kielland og forteljar Tor Øyvind.

Om vêret tillèt, tar me ein kort stans ved prestegarden, der Gustava og Gabriel budde. Her var det både trongt, folksamt og energisk på alle vis.

«Så knytter vi kjærlighets hellige bånd»

På Utsyn Misjonsssenter er bordet dekka til ein flott, mettande og smakfull julelunsj. Du kan nyta måltidet på Utsyn både lenge og vel, før Gustava møter oss igjen. For korleis var nå oppstarten av den første kvinneforeininga i Lyngdal? Har ho kontroll på når og korleis det skjedde? Tor Øyvind serverer morosame julefunderingar- og kåseri, før det sjølvsagt blir gang rundt Gustava sitt juletre. Naturleg nok er «O jul med din glede» obligatorisk, med alle FEM versa.

«Så glad er vi, så glad er vi»

Songen er god og julestemninga på topp. Det blir også høve til å handla med seg noko jul-aktig og lokalt på Utsyn. Me vil ikkje minst oppmoda til ein stopp på Gardsbutikken på Nærland, før Tor Øyvind takkar for følgjer og de reiser godt forsynte heim frå Finnøy.

«Jul med Gustava Kielland» kan bestillast av samla grupper i november og desember. 

For meir informasjon eller bestilling, kontakt Helene:

helene@ryfylkelivsgnist.no / 917 20 907

Foto: Geir Landa

Foto: Geir Landa

Alle foto: Geir Landa

Sjå kva meir me tilbyr >>