Frå A til Å med Livsgnist

Me kan ta oss av planlegging og gjennomføring

Å tenka tanken på å arrangera noko, er lett! Men å planleggja og gjennomføra, kan for mange vera eit hinder for å realisera denne tanken …

Skal de ha eit arrangement, jubileumsfest, konferanse, medarbeidarfest eller kva det skal vera? Men, veit ikkje heilt kva som skal gjerast med tanke på innhald, organisering, framdrift osv. Då tør me foreslå oss sjølve. Me kan saman med dykk gjennomføra små og store arrangement frå idéstadiet, gjennomføringa og sluttrapport.  

Ryfylke Livsgnist har gjort «spesialframsyning» som eit varemerke. Det kan vera jubileum, der me har sett oss inn i historia. Og med humor, historie, skodespel og musikk har jubilanten fått eit skråblikk på sitt eige jubileum. Dette har me gjort både for store og små bedrifter, vidaregåande skular, personar som har fylt året og organisasjonar.  

Me har gjennomført og drive store arrangement som 100 årsjubileet til smelteverket i Sauda, det store Ryfyastløpet, Helgøybrufesten, 15 Tomatfestivalar, Grunnlovskonferanse og meir til. Då syter me for praktisk rundt mat, tryggleik, planleggingsmøte, programleiing, organisering, planarbeid, økonomi, kontakt med aktørane osv. Ja, det kan vera greitt at nokon har overblikket og samtidig har fokus på at me skal ha det gøy i lag på reisa. 

I og med at me har arrangert frå 10 personar til 10 000 personar, vil me seia at me kan ta på oss dei aller, aller fleste oppdrag. Me er klare for neste utfordring!

Foto: Geir Landa

Foto: Geir Landa

Foto: Geir Landa

Foto: Geir Landa

Foto: Kristofer Ryde

Sjå kva meir me tilbyr >>