bål, mat og musikk

Bål og musikk høyrer saman. Meiner me.

Du treng tre element: bål, mat og ein musikar. Tre enkle element, som saman blir ei magisk oppleving. Me i Ryfylke Livsgnist har tilgang til både ved, råvarer og musikar. 

For Bjørn-Erik Slim Zahl er eit unikum med gitaren. Tenk deg bålet som varmar, maten var nydeleg og så bare tar Slim oss opp til musikalske høgder. Variasjon så det held, og allsongfaktor på løpande band. Humoristisk og leikent, stilfullt og ekte.  

Say no more. Klar for gnistrande musikk rundt bålet? 

Foto: Geir Landa

Foto: Geir Landa

Sjå kva meir me tilbyr >>