Kokken inspirerer

Måltidsglede

Den må hugsa å eta som skal prestera. Så korleis skaper me måltidsglede i kvardagen? Og forresten: Smak og aktivitet heng saman.

Ryfylkekokken og Ryfylke Livsgnist inspirerer gjerne ditt fellesskap, heim, skule og barnehage.

Måltidet er ikkje bare eit pliktløp, men eit viktig samlingspunkt – for trivsel, helse, glede og glød. Ryfylkekokken Frode Selvaag er meir enn bare ein kokk. Han er matformidlar med stor M. Me i Ryfylke Livsgnist tilbyr stolt foredrag og inspirasjonssamlingar med fokus på måltidet.

Her er to spennande alternativ:

  • Kokken inspirerer: Mat og trivsel

Skap måltidsglede på arbeidsplass, skule, barnehage og heime  

Det er mykje kultur i måltidet. Ja, me har ulik matkultur og ofte er historia frå langt tilbake. Kven fann eigentleg opp pasta? Eller brødet?  

Matrettar blir skapt av naud, tilgang, klima og omsorgsfulle kokekyndige personar. Det er heilt sikkert at ein treng ernæring for å ta til seg læring. Skal ein prestera må ein eta!

Å møtast til måltidet der alle delar den same maten, gjev oss moglegheit til å skapa gode minne og løyse kvardagslege utfordringar.  

 

  • Kokken og læraren inspirerer: Folkehelse med smak og aktivitet

Med Ryfylkekokken Frode Selvaag og livsgnistar Maria Flesjå Sivertsen

Må ein alltid servera pølser, is og bollar når ein skal kose seg på skulen? Eller i idrettslaget? 

Aktivitet skaper appetitt, og moglegheitene for smakstrening er større enn nokon gong. Me kjenner vel ofte gleda over mat når me har hatt litt puls og aktivitet. Då er det viktig at maten er næringsrett og smart. 

Folkehelsa vår treng ein skikkeleg boost. Me kan ikkje stadig røra oss mindre og samtidig eta samrørt mat. Oppfordringa vår er å la aktivitet vera relatert rundt måltidet. Ut på tur for å sanka råvarer! 

Og kva gjer me med denne matpakka? Som for nokon kan opplevast som eit nederlag samanlikna med dei andre.

Skal de ha eit foreldremøte på skulen eller i barnehagen, eller er det planleggingsdagar som treng eit fagleg innhald? Me vil inspirera og engasjera dykk til å eta betre og klokare, samt fokusere på at maten er smakfull og lett tilgjengeleg for alle heimar. Me har erfaring som kokk og allmennlærar, samt som foreldre til barn i barnehage- og skulealder.

 

Interessert? Ta kontakt med maria@ryfylkelivsgnist.no  

 

Foto: Elin Engelsvoll

Foto: Geir Landa

Sjå kva meir me tilbyr >>