Inspirasjon på medarbeidarfest 

Me ønskjer å inspirera dykk!

Kva med å ha oss med på medarbeidarfesten dykkar med innslag for å inspirera, motivera og engasjera?

Skal de ha ei felles samling for dugnadsgjengen? Eller arbeidskollegaene? Leiargruppa? Og inn frå sidelinja kjem me og inspirerer … Ja, om de vil sleppa Ryfylke Livsgnist til. 

Me har erfart at folk likar å le av seg sjølv. Ja, at det kjem andre inn og har eit skråblikk på korleis fellesskapet er. «Oj, er det slik me er ja». «Ja, me kjenner oss igjen». «Nå merkar eg at eg er stolt av det me held på med.» 

Greia er at me gjerne blir leigd inn for å underhalda på ein medarbeidarfest, der føremålet er å løfta fram fellesskapet. Då gjer me det grundig. Me intervjuar nokon i forkant, slik at me veit kva me kjem til. For då skriv me gjerne songar, lagar innslag og sideblikk ut frå kven me er hos. Då blir det ei eiga stemning i lokalet, for folk merkar at «hei, dei snakkar og syng jo om oss». Ryfylke Livsgnist er ikkje slik at me bare lirer ut av oss vitsar. Me skal vera TIL STADES for dei som bruker oss. Det gjev inspirasjon. Test oss ut! 

Musikken høyrer altså med. Derfor er ofte Bjørn-Erik Zahl med i tospann, eller trespann med Tor Øyvind Skeiseid og Maria Flesjå Sivertsen. For det er liksom ikkje feil å ha med ein utruleg dyktig artist og gitarist med på laget.

Interessert? Ta kontakt med maria@ryfylkelivsgnist.no 

Foto: Geir Landa

Foto: Geir Landa

Sjå kva meir me tilbyr >>