Kva tilbyr me?
Skal du planleggja ei utflukt eller ein konferanse?
Eller treng du nokon til å leia eit prosjekt?
Me kan hjelpa deg med det, og mykje meir!
Opplevingar med glimt i auga
Ryfylke Livsgnist er ei bedrift med jordnære folk. Samtidig har me tru på det me gjer – og på verdien av gode samlingar der folk møtest, lærer og har det kjekt saman.
Treng du hjelp til lagbygging, konferansar, utflukter, prosjekt av ulike slag, matshow, underhaldning eller inspirerande kåseri, har me folk som kan hjelpa deg. Ofte får me kommentaren etterpå: «Dette er den kjekkaste samlinga me har hatt». Ryfylke Livsgnist har erfaring frå små samlingar til svært store arrangement.
Me er stolt medlem av Ryfylkealliansen, og har gode kontaktar inn mot mange ulike bransjar i Ryfylke.




