Film og musikk

Kva med ein eigen film om bedrifta eller fellesskapet? Eller kanskje de vil laga eigen song om dykk sjølv? Ja, kva med musikkvideo?

Ryfylke Livsgnist har kompetanse både når det gjeld musikk og film. Dessutan har me dyktige og leikne samarbeidspartnarar som gjer at de får eit fantastisk resultat, som de blir stolte av. Alternativ:

Kampsong! Ja, bedriftssong om du vil. Lat oss gjera det artig då. De er med i tekstskriving og har innspel om type musikk. Me komponerer, og de er med i studio – og det er DE som syng. Snakk om lagbygging.

Musikkvideo: Skal me laga ein enkel musikkvideo eller ein skikkeleg proff ein? Fleire bedrifter har hatt god lagbyggingseffekt av å spela inn, og ikkje minst sett resultatet når filmen blir spreidd. Ja, kvifor ikkje?

Promofilm: Kven er me? Kva driv me med? Kva byr me på? Ein 1-2 minutts profileringsfilm om verksemda kan vera bra å ha. Ja, både overfor kundar, samarbeidspartnarar og for å gjera seg kjent.

Film og/eller musikk? Ryfylke Livsgnist kan verkeleg spela dykk gode her.

 

Sjå kva meir me tilbyr >>