Lagbygging
Samlingar som gir energi
Det er kjekt når folk byggjer lag – i lag. Me i Ryfylke Livsgnist likar best å skapa opplevingar saman med andre, slik at fellesskapet blir sterkare og stemninga endå betre.
Lagbygging handlar det om å gjera noko saman – aktivitetar som skapar latter, gode matopplevingar, inspirasjonsdagar som gir ny energi og feiringar som samlar folk.
Her er noko av det me har klart for dykk – enten de er ei bedrift, ei avdeling, ei leiargruppe, ein organisasjon eller eit anna lag som vil ha ei oppleving saman.