TUSENÅRSFESTEN PÅ FINNØY
Kva skjer når du blandar kongemakt, kvinnelist, ei mellomalderkyrkje, pest, fest, julestemning og mattekunst i ei og same feiring? Ei kraftfull tomatsuppe frå Finnøy, kanskje?
Få med deg tusenårsspel, matreise, musikk, humor, fortid og nåtid når Ryfylke Livsgnist inviterer til fleire historiske arrangement hausten 2025. Kvifor? Fordi Hesby spesielt og Finnøy generelt har ei tusenårs historie av nasjonal karakter. Derfor er Tusenårsfesten på Finnøy like spennande for både folk frå og utanfrå Finnøy.
Arrangement for alle aldersgrupper, frå 6-åringar til 100-åringar.
Spydspissen for alt er førestillinga «Tusen heftige år» i den nyrestaurerte mellomalderkyrkja på Hesby. Premiere 6. november. Les om alle arrangementa her.

Stormannsgarden Hesby
Første oktober 2025 opnar dørene til Hesby kyrkje igjen. Då har mellomalderkyrkja på vestsida av Finnøy vore stengt for restaurering i over eit år. Saman med Hesby Sokn vil Ryfylke Livsgnist feira ei nyrenovert kyrkje og samtidig markera ei tusenårig historie frå Olav den Heilage og fram til i dag. For Hesby var ein markant storgard på Vestlandet for tusen år sidan og i hundreåra som følgde. Me vågar å seia at Hesby spesielt og Finnøy generelt har at ein viktig regional og nasjonal plass, ja skal me seia frå kongemakt til skaparkraft. Nå kan du bli meir kjent med både kongens fremste menn, katastrofar og oppgangstider, då Norge blei styrt frå Finnøy, mategeniet, Eidsvollsmannen, kvinneforeiningsgründeren, tomateventyret, musikken, maten og humoren. Det er klart me feirar tusen år med heftig historie.
Kva skjer?
Me tjuvstartar i september, og deretter går det slag i slag i oktober, november og desember. Me samarbeider med Hesby sokn, og kyrkjelyden sjølv har mange gjenopningsarrangement i oktober. Ryfylke Livsgnist har hovudansvaret, saman med gode medspelarar, i september, november, desember, ja i januar 2026 med.
Informasjon om dei ulike arrangementa vil koma fortløpande, og då blir kvart av dei «klikkbare» for meir informasjon.
September
Sundag 7. september – Hyllest til kvinneforeninga! På Utsyn Misjonssenter. Arrangør: Ryfylke Livsgnist
Oktober
Laurdag 4. oktober kl. 12.00 – Kyrkjesti-løp frå Teigen til Hesby kyrkje. Arrangør: Hesby Sokn
Sundag 19. oktober kl. 11.00 og 13.00 – Opningsgudstenester Hesby kyrkje
Laurdag 25. oktober kl. 20.00 – Kyrkja mi! – opplevingar i ulike fasettar! Arrangør: Hesby Sokn
November
Laurdag 1. november kl. 20.00 – Stikk innom kyrkja for ungdom. Arrangør: Hesby Sokn
Torsdag 6. – sundag 9. november – Tusen heftige år. Det sit i veggane! Det store tusenårsspelet ved Ryfylke Livsgnist
Onsdag 19. november kl. 18 – Matreise gjennom tusen år med Ryfylkekokken på Landahuset. Påmelding. Arrangør: Ryfylke Livsgnist
Sundag 23. november kl. 19 – Kyrkjemusikk gjennom tusen år i Hesby kyrkje. Frå munkesong til moderne lovsong. Med Arne Martin Aanstad mfl. Arrangør: Ryfylke Livsgnist
Fleire arrangement vil koma
Opplegg for unge og gamle
Opplegg for unge og gamle:
Ryfylke Livsgnist ønskjer at dei unge på øyane i Finnøy får spesielle opplevingar i haust. Derfor skjer dette:
- Førestillinga «Tusen heftige år» blir sett opp for både mellomtrinnet og ungdomstrinnet 6. og 7. november – dagtid.
- Historisk vandring i kyrkja for barneskuleelevar frå 1. til 4. klasse. Møte med munkar, høvdingar og julestemning. Spennande, historisk, løye og litt skummelt.
- Abelfest for mellomtrinnet ved Finnøy skule. Matematikaren Niels Henrik Abel blei fødd på Finnøy. Då må me skapa matteglede hjå dei unge.
For dei eldre:
- Song og historieglede på Finnøy Helse- og omsorgssenter. Me tar med høgdepunkt frå tusenårsspelet til dei som har levd lengst. Og kva heiter avdelingane på sjukeheimen? Jo; Abeltunet, Kiellandtunet og Finnsson-tunet. Historiske personar, som me nyttar i spelet.
Spørsmål? Ta kontakt med kristine@ryfylkelivsgnist.no
SAMARBEIDSPARTNARAR
Desse aktivitetane er umogleg å få til utan gode medspelarar. På denne sida vil me fortløpande markera dei som er med og støttar 1000årsfesten på Finnøy.
Alt nå kan me fortelja at Stavanger kommune og Rogaland fylkeskommune har tru på konseptet, og har løyvd midlar til satsinga. Hjarteleg takk!