Sparebanken Norge er med!

Sikrar tusenårsfest på Finnøy

Foto: Geir Landa

– Det er berre å takka og bukka for ei raus gåve. Nå skal me skapa tusenårsfest på Finnøy, fortel Heidi Bø Sangedal ved Finnøy kyrkjekontor og Tor Øyvind Skeiseid i Ryfylke Livsgnist. Sparebanken Norge gir 250 000 kroner til festarrangementa til hausten.

– Det er utruleg givande å støtta eit prosjekt som skaper engasjement rundt vår lokale og nasjonale historie, fastslår kunderådgjevar Trond Sandvik i Sparebanken Norge.

Han har så vidt lært seg å seia «Norge» i staden for «Vest» når han presenterer seg, ettersom Sparebanken Vest og Sparebanken Sør slo seg saman til Sparebanken Norge første mai.
– Takka vera denne gåva kan me setja opp historisk spel og historiske arrangement i Hesby kyrkje og på Finnøy heile hausten. Det hadde ikkje gått utan desse bankrådsmidla, understrekar Tor Øyvind Skeiseid i Ryfylke Livsgnist.

Inne i ei bokstaveleg tala steingammal Hesby kyrkje på Finnøy står Trond Sandvik og kollega Tom Kenneth Moen og smiler med ein stor sjekk i neven. Når dei kikkar rundt på veggane i kyrkja, kan dei berre ana kor omfattande restaureringsarbeidet er. Første oktober skal Hesby kyrkje opna igjen etter 13 månader med renovering.
– Når me opnar i haust blir det mange spennande arrangement for både barn, ungdom og vaksne, både i regi av oss i Hesby sokn og frå Ryfylke Livsgnist, fortel Heidi Bø Sangedal, som er dagleg leiar ved Finnøy kyrkjekontor. 

www.ryfylkelivsgnist.no og www.finnoykyrkja.no kan ein til ei kvar tid følgja med på kva som skjer. Den største hendinga er historiespelet «Tusen heftige år» med premiere i Hesby kyrkje 6. november.
– Og det er ei heftig oppsetting. Ni skodespelarar og tre musikarar, som tar folk med på ei tusenårsreise i Finnøy-, og dermed Norgeshistoria, forklarar Tor Øyvind Skeiseid.
– Me som bank har vår historie på litt over 200 år. Då er det kjekt å vera med på ei historie som strekkjer seg endå lenger tilbake. Ja, det er verkeleg stas å støtta slike tiltak i distrikta, påpeikar Trond Sandvik og drar fram sjekken på 250 000 kroner.
– Me må seia takk og takk igjen. Det er viktig at folk ser kva ei slik gåve kan bety. Det er all grunn til å gleda seg til hausten, seier Heidi Bø Sangedal og Tor Øyvind Skeiseid til slutt.