matreise gjennom tusen år
På ryfylkevis!
Onsdag 19. november
Kl. 18.00-21.30
Landahuset, Finnøy
Ei matreise gjennom tusen år
Ryfylkekokken Frode Selvaag inviterer til eit historisk måltid gjennom tusen år.
Me kan ikkje lova tusen rettar. Men, me kan lova at du blir mett, opplyst, nysgjerrig og overraska …
Matopplevinga blir 200 år i slengen, krydra med mathistorier frå dei ulike periodane.
Ryfylkekokken
Ryfylkekokken feirar sjølv 15-årsjubileum i haust. Frode Selvaag er ein av dei mest profilerte kokkane i Rogaland og har vunne fleire nasjonale og regionale prisar. Ryfylkekokken er opptatt av lokale råvarer, mattradisjonar og historie.
Passar perfekt til ein tusenårsfest – ikkje sant?
Foto: Elin Engelsvoll
Pris
1 000 kroner per person (sjølvsagt må det vera tusen) + billettavgift.
Prisen inkluderer all mat, ein varm tusenårskopp og matkulturelle høgdepunkt servert av Ryfylkekokken og kulturhistoriske vener. Drikke kjem i tillegg.
Kjøp billettar her. Me har 50 ledige plassar til denne kvelden.
Velkomen!
Arrangør: Ryfylke Livsgnist