Kyrkjemusikk gjennom tusen år
Ei historisk musikkreise
Sundag 23. november
Kl. 19.00
Hesby kyrkje, Finnøy
Korleis har musikken endra seg gjennom tusen år?
Kantor, kyrkjemusikar og tusenkunstnar Arne Martin Aandstad tar oss med på alt frå munkesong til moderne lovsong. For musikken i kyrkja har verkeleg hatt ei historiske reise på desse tusen åra. Gled deg til finurlege toneleie, snodige salmar og vekslande vekselsong.
Entré: 150 kroner. Ingen førehandspåmelding.
Arne Martin Aandstad
Han fann både kjærleiken og musikkgleda på Talgje i Ryfylke. Til dagleg er Arne Martin kantor på Avaldsnes i Karmøy kommune. Han spelar også diverse instrument i gruppa Rust&Moll.
Arne Martin har ei lun og kunnskapsrik framtoning. Få kjenner tusen år med kyrkjemusikk betre enn han.
Ryfylke Livsgnist har hatt gleda av å samarbeida med Arne Martin i alle moglege musikalske samanhengar.

Tusen musikalske år
Gled deg til ei vandring gjennom salme og kyrkjemusikkhistorie. Med utgangspunkt i Norsk salmebok 2013.
Visste du forresten av kyrkjeklokka har vore eit eige instrument? Eller at Barne-TV har sin plass i salmeboka? Legg til litt Luther, 2xHauge, moderne lovsong og ein sliten orgelkrakk – då har du litt av innhaldet denne kvelden.
Arne Martin har med seg livsgnistar Tor Øyvind som sitt halvmusikalsk-kåserande sidekick.
Velkomen!
Arrangør: Ryfylke Livsgnist