Kyrkjefest

Til inspirasjon og glede

Torsdag 2. oktober

Kl. 19.00

Hesby kyrkje

Første oktober opnar Hesby kyrkje igjen etter 13 månaders restaurering.

Dagen etter inviterer me til stor kyrkjefest i kyrkja vår. Med intervju, appellar, songinnslag, mat, drøs og takke/bønevandring. Me vil feira kyrkja, fellesskapet og setja mot i kvarandre. Til tru, teneste og inspirasjon! Jordnært og givande. Ekte og engasjerande. Kom med låge skuldrer, ope sinn og forventing.

Samlinga er for ALLE, enten du er frivillig i kyrkja, nysgjerrig på korleis kyrkja ser ut, innom i ny og ne, glad i kyrkja, likar å vera med der det skjer mm.

Då me skal ha litt mat, har me påmelding og ein symbolsk pris på 70 kroner per pers over 16 år. Betaling med vipps eller kontant når du kjem.

Påmeldingsfrist er 30. september og du melder deg på via SMS til: Brit 481 16 081 eller Solfrid 475 02 126

Skriv også om du har allergi av noko slag. Velkomen til vårt første arrangement i vår nyrestaurerte kyrkje!

Det er grunn til å takka og feira!

Velkomen!

Arrangør: Hesby sokn

Sjå kva meir me tilbyr >>