Kvinneforeiningsfest
Hyllest til kvinneforeininga!
Sundag 7. september
Kl. 13-17
Utsyn Misjonssenter, Finnøy
Kva hadde samfunnet vore utan kvinneengasjementet?
Gnisten blei tend på Finnøy! For 200 år sidan kom presteparet Gustava og Gabriel Kielland til øya, og spora ser du den dag i dag. Gustava Kielland starta så den første kvinneforeininga i Norge, då ho rundt 1840 etablerte ei misjonsforeining for kvinner i Lyngdal. Me lovar ein innhaldsrik og munter festmeny med kåseri, intervju, allsong, sterke og muntre historier, og sjølvsagt rikhaldig med mat.
I beste kvinneforeiningsånd.
"Medbrakt matpakke, gevinstmas, forandring fryder og ti kroner loddet"
Prolog ved Marit Vignes, leiar i Lyngbø Misjonskvinneforening på Finnøy – direkte avløpar frå Gustava Kielland. Eit 70årsperspektiv frå då mor hadde foreining, til korleis ståa er i dag.
"Bak ei sterk kvinne, står ein oppmuntrande mann"
– og det blei det kvinneforeining av.
Forfattar Helge Alvin Rosfjord fortel historia om kvifor Gustava Kielland starta den første misjonskvinneforeininga i landet, solid støtta av mannen Gabriel Kielland. Finnøy + Lyngdal = Sant!
«Glimt frå misjonsmarka»
Marit Thingbø har vore misjonær i Kenya i 25 år. Ho har også skrive boka «Ørkenroser», som mange kvinneforeiningar har hatt gleda av å lesa frå. Marit kjem med godt nytt, engasjement og glød.
Gustava og Gabriel Kielland
Ekteparet Kielland dukkar naturleg nok opp, vel og merke i form av skodespel …
«I det lange løp»
Innslag frå Gustava Kiellands kvinneforening i Lyngdal.
Garantert julestemning!
Ein kjem ikkje utanom O jul med din glede.
Mat i tre etappar
- Misjonskringle ved ankomst
- Moderne foreiningsmat: Salatbuffé med smakfulle variasjonar
- Dessert og kaker
Sissel Marie og Helge Alvin
Sissel Marie Bjerga er programleiar.
Det blir høve til å kjøpa med seg boka «Mitt liv med Gustava» – biografien om Gabriel Kielland av Helge Alvin Rosfjord.
Billettkjøp
Det kostar 650 kroner per person for denne festmenyen.
Billettkjøp opnar 22. mai. Plass til 120 personar.
Velkomen til både kvinnelege og herrlege!
Arrangør: Ryfylke Livsgnist og Utsyn Misjonssenter