prosjektleiing

Grundig er gøy

Organisera! Smak på ordet. Me elskar det. Og let du oss få organisera, skal du kunna senka skuldrar.

Ryfylke Livsgnist er ein organisator av store og små prosjekt, arrangement og daglegdagse gjeremål. Me likar å tenkja stort, grundig, kreativt og praktisk. Skjema, oppstillingar, framdriftsplanar og styringsinstrument er ikkje slitsamt. Når du koplar logistikk og planar, med program og leikelyst, ja då får du eit herleg rom å arbeida i.

Laurdag 18. juni 2022 var ein festdag for alle 42 som bur på den vesle øya Helgøy ytst i Årdalsfjorden. Ja, det var ein festdag for opp mot 1500 menneske alt i alt. Då blei den 290 meter lange brua over Helgøysundet opna, som har gjort helgøybuen landfaste. For ein fest og for eit oppdrag for oss i Ryfylke Livsgnist! Me var på sett og vis festgeneralar, der me organiserte program, marknadsarbeid, logistikk med fellestransportar og trekte i trådane med fantastiske samarbeidspartnarar.

 I 2019 fekk me vera med å arrangera Ryfastløpet. 5. oktober blei verdas første og einaste undersjøiske halvmaraton gjennomført. 21 km gjennom to tunnelar under havet frå Stavanger til Strand, 292 m.u.h, med nærare 7000 påmeldte! Det krevst logistikk, tryggleik og planar for å gjennomføra. Me var leigd inn av hovudarrangørane Staal Jørpeland IL og Midtbygdens IL som prosjektmedarbeidarar.

Frå 2003 til og med 2012, samt frå 2018 til 2022 hadde me ansvaret for Tomatfestivalen på Finnøy. Me snakkar om Finnøy sin største merkevarekjendis gjennom 20 år. Ryfylke Livsgnist har vore i førarsetet for avviklingane av augustfesten, med fokus på kultur, aktivitetar, fag, matopplevingar og grasat med tomatar.

Me har etter kvart fått brei kompetanse innanfor prosjektleiing. Stundom er me både praktisk tilretteleggjar og styrer alt frå scenen, som 100 årsjubileet til smelteverket i Sauda og Grunnlovskonferanse i 2014. Andre gonger er me bakspelar og trådtrekkjar, som t.d. Alfred Haugejubileet i 2015 og opninga av Nye Folkets Hus i Sauda i 2018. Me tar gjerne og koplar på vår gode medspelar Ryfylkekokken Frode Selvaag. Då garanterer me for måltidsopplevinga i same slengen.

Ta gjerne kontakt for kva de skal i gang med, arrangera eller vurderer å gjera. Me lagar alltid grundige avtalar, med forventingar, rolleavklaring og prissetting.

Vår fordel er at våre folk både likar excelark og skapa stemning på ein scene. Ein slik totalpakke kan vera gunstig for mange.

Frå bruopninga på Helgøy.

Frå Smelteverket i Sauda sitt 100-årsjubileum i 2015. Foto: Per Inge Fjellheim

Frå Tomatfestivalen 2022. Foto: Halvard Bøe

Foto: Halvard Bøe

Sjå kva meir me tilbyr >>