Amerikanske tilstandar

– i eit 200 årsspenn

Torsdag 4. desember

Kl. 19.00

Bethel bedehus, Finnøy

Hello America!

Dei gjenskapar utvandrarreisa frå Stavanger til New York i sommar og haust. Ikkje rart det når Finnøy var dominerande då Restauration segla
«over there» i 1825.

Aslak og Signy Bråtveit frå Finnøy er mannskap på Nye Restauration i år. Om alt går godt kjem dei også tilbake til Finnøy!

4. desember inviterer Ryfylke Livsgnist og ekteparet Bråtveit til eit tilbakeblikk, i kort og lang tid. Visesongar Torolf Nordbø blir også med. 

Entré: 150 kroner. Betaling i døra.

Amerikaferd 1825

Johannes og Marta frå Kindingstad, heilt sentrale i amerikaferda i 1825. Sjølvsagt har Finnøy prega starten på utvandringa til Amerika.

Forteljing og skodespel med Signy og Aslak. Torolf Nordbø bidrar med sine utvandrar-inspirerte musikkperler.

Johannes Jakobsen Steine AKA Aslak Bråtveit og Martha Svendsdotter Kindingstad AKA Signy (Ladstein) Bråtveit

Amerikaferd 2025

Overfarten 2025 – ferske minne frå «Galskapens tur» – i bilete og ord. Vel var det dristig med Amerikareise i 1825, men det er jo ikkje akkurat ufarleg 200 år seinare. 

Coffee and candy – det høyrer også med ein amerikansk kveld. 

Velkomen!

Arrangør: Ryfylke Livsgnist

Sjå kva meir me tilbyr >>