Soga om Peer Clengson
Humor om Cleng Peersons bitre slektning
20 og 21. november
Ryfylke Trebåtbyggjeri
Livsgnist-medgründer Leir Arild Steen har skrive ei humorførestilling, som er eit annleis innblikk i utvandringshistoria.
Få med deg den elleville og humoristiske førestillinga «Soga om Peer Clengson – Cleng Peersons bitre slektning». Framsyninga er ei hyllest til både dei som drog, men ikkje minst dei som blei igjen.
I lukta av treverk og tjære på Ryfylke Trebåtbyggjeri, kan du få slappa av, smila, le og mest sannsynleg ikkje læra noko nyttig.
Arrangøren opererer med ein slags lattergaranti; ler du ikkje, får du garantert ikkje pengane att.
Arrangør: Alias Steen