Kyrkja mi 

– den historia gløymer eg aldri

Laurdag 25. oktober

Kl. 20.00

Hesby kyrkje

Historiedeling frå Hesby kyrkje!

Med intervju, korte innspel, musikk og forteljingar skal me dela opplevingar frå Hesby kyrkje . Det kan vera både gripande, åndelege, morosame, snodige og andre uforgløymelege hendingar som folk har hatt i kyrkja vår på Hesby. Fleire lokale kvardagsfolk har alt sagt ja til å vera med.

Og du kan gleda deg til historier, forteljingar og musikk, som me trur vil vera til glede for mange.

Forresten: Har du ei historie som kan delast med andre denne kvelden?

Ta kontakt med Tor Øyvind Skeiseid 982 06 333 eller Anna Lauvsnes 924 57 673. 

Ingen inngangspengar. Berre møt opp.

Velkomen!

Arrangør: Hesby sokn

Sjå kva meir me tilbyr >>