opningsgudstenester
Velkommen til opningsgudstenester!
Sundag 19. oktober
Kl. 11.00 og kl. 13.00
Hesby kyrkje
Endeleg kan me feira gudsteneste i Hesby kyrkje igjen. Sist gong var i august 2024.
Barnekoret Finnøy Fun Children (FFC), blir med på begge gudstenestene. Sokneprestane våre Terje Engstrøm og Ola Aasland Vold er med, tekstformidling ved barn, biskop Anne Lise Aadnøy helsar, kollekt til kyrkjelydsarbeidet og ein nykomponert melodi av kantor Bjørn Terje Bertelsen.
Mellom dei to gudstenestene serverer me fest-marsipankake, saft og kaffi. Det blir også nokre få, kort helsingar.
Gå til gudstenesta?
Ja, det blir høve å gå to av dei gamle kyrkjestiane til kvar av gudstenestene.
Frå Teigen til Hesby:
Start kl. 09.45 frå Parkeringsplassen i Teigen
Parkering: Parkeringsplass i Teigen
Turtid: om lag 45 minutt
Turguidar er Kåre Vignes og Øystein Eggebø
Då blir ein med på gudstenesta kl. 11
Frå Hauske til Hesby:
Start kl. 10.45 frå nye løa til Daniel Vignes.
Parkering: Ved Aksel Tungland sitt gjødsellager og gult sauehus/evt. kummen lenger nede (nedkøyringa mot Lauvsnesvatnet)
Turtid: Om lag ein time
Turguidar er Trond Spanne og Svein Nordbø
Framme til å få med seg kaker og helsingar + gudstenesta kl. 13
Ta med skobytte og eventuelt klesskift som i gamle dagar!
Velkomen!
Arrangør: Hesby sokn