Kyrkjesti-løp 

Bli med på Kyrkjesti-løpet på Finnøy

Laurdag 4. oktober

Start Kl. 12.00

Frå Teigen til Hesby kyrkje

Kvifor? Hesby kyrkje opnar igjen 1. oktober etter over eit år med restaurering. Det skal feirast med mange arrangement heile hausten. I gamle dagar gjekk folk på merka kyrkjestiar då dei skulle til kyrkja på Finnøy. Me tar den eine ruta og lagar løp/marsj.

Kva? Kyrkjesti-løpet er for alle, både ungar, ungdom og vaksne. Knappe 3,5 kilometer frå Teigen, via Flesjå og til Hesby. Ingen avgift, men medalje til alle som melder seg på innan 4. september.

Korleis? Registrering og utdeling av startnummer kl. 11.30. Me startar felles etter ein kort info klokka 12. Så spring og går me i det tempoet me vil. Me har trafikkvakter og vegvisarar fram til Hesby kyrkje. Lat oss laga folkefest!

Kom deg til Teigen i god tid før start. Me har parkeringsvakter som viser plass til gardstun, som me får låna til parkering. Du må rekna litt tid å gå opp til Teigen, der du bør vera til kl. 11.30. Oppmøte ved parkeringsplassen.

Kyrkjeglede Når du kjem fram til Hesby kyrkje ventar saft og medalje til dei som melde seg på innan fristen. Den nyrestaurerte kyrkja vil vera open og er vel verd eit besøk.

Kan skjøna du vil ha medalje. Frå Steinnes Tre blir det spesialdesigna medaljar som alle får gratis. Det vil seia alle som melder seg på innan 4. september. For medaljane skal produserast. Då må me vita kor mange me treng. Du kan sjølvsagt vera med på løpet utan å ha meldt deg på i forkant. Men, då kan ikkje me garantera medalje til deg.

Meld deg og dine på via vårt enkle påmeldingsskjema: Påmelding kyrkjestiløp

Eller på telefon til Hans Magne Alstveit: 916 80 946

Koss kjem me oss tilbake til Teigen? Det klarer de heilt sikkert å finna ut av sjølv!

Velkomen til det aller, aller første kyrkjesti-løpet på Finnøy!

Spørsmål?: tor@ryfylkelivsgnist.no eller 982 06 333

Arrangør: Hesby sokn og Finnøy Idrettslag

Sjå kva meir me tilbyr >>