Kyrkjefest

Til inspirasjon og glede

Torsdag 2. oktober

Kl. 19.00

Hesby kyrkje

Første oktober opnar Hesby kyrkje igjen etter 13 månaders restaurering. Dagen etter inviterer me til stor kyrkjefest i kyrkja vår. Med intervju, appellar, songinnslag, mat, drøs og allsong. Me vil feira kyrkja, fellesskapet og setja mot i kvarandre.

Til tru, teneste og inspirasjon! Jordnært og givande. Ekte og engasjerande. Kom med låge skuldrer, ope sinn og forventing. Møt Ingrid Ruud Austbø – Ruth Halleland – Svanhild Eggebø Spanne – Geir Flesjå – Tore Kamsvåg – Kjell Emil Berge – Benjamin Eggebø    

Bakst og eplemost når du kjem. Kaker og kaffi til slutt.

Då me skal laga mat, har me påmelding og ein symbolsk pris på 70 kroner per pers over 16 år. Betaling med vipps eller kontant når du kjem. Påmeldingsfrist er 30. september og du melder deg på via SMS til: Brit 481 16 081 eller Solfrid 475 02 126. Skriv også om du har allergi av noko slag.

Velkomen til vårt første arrangement i vår nyrestaurerte kyrkje! – Samlinga er for ALLE, enten du er frivillig i kyrkja, nysgjerrig på korleis kyrkja ser ut, innom i ny og ne, glad i kyrkja, likar å vera med der det skjer mm.

Det er grunn til å takka og feira!

Velkomen!

Arrangør: Hesby sokn

Sjå kva meir me tilbyr >>