20 år med Historiske spel

Historiske spel

Spelet om Ogmund Finnsson

I oktober 2013 produserte me første gongen opp historiespelet «Spelet om Ogmund Finnsson». Førestillinga handlar om Finnøy, Rogaland og Norge på 1300-tallet, etter Svartedauden. Då var sysselmann Ogmund Finnsson frå Hesby på Finnøy den mektigaste mannen i Norge, etter kongen. Finnsson styrte landet i to periodar for kongen.

Spelet blei framført i middelalderkyrkja Hesby kyrkje på Finnøy, med skodespelarar (fire av dei tilsett i Ryfylke Livsgnist). Ei proff oppsetting som 700 personer såg, fordelt på fire førestillingar. Spelet blei sett opp igjen i fornya drakt i 2015. Då var det 820 personar som såg spelet.

Tre visne menn og ei solstråle

Tor Øyvind Skeiseid produserte, skreiv og spelte på revyturné med ”Tre visne menn og ei solstråle” i 2016 til 2018, og spelte for 6 000 menneske over 23 førestillingar. Fullt hus enten det var i Sandnes, Haugesund, Tysvær eller Sauda.  Dei andre artistane var Torolf Nordbø, John Skien og Rita Fotland Bøe, og kvartetten hadde eit heilt spesielt samspel, og det var ekstremt høg latterfaktor, og enormt gode tilbakemeldingar.

Luther med latter

I 2017 blei så storsatsinga «Luther med Latter» sett opp. Eit omfattande teaterstykke, med vårt skråblikk på 500årsjubileet for reformasjonen. Målet var opp mot 20 framsyningar i Rogaland. Vel, me reiste rundt i heile Norge og spelte 53 førestillingar, frå Øksnes i Vesterålen i nord til Lyngdal i sør, og frå Karmøy i vest til Eidskog i aust. Og til kvar lokale plass hadde me vår lokale vriar. Det er litt typisk oss, at me går så grundig til verks til dei me er hjå. Dei skal merka at me er der for dei!

Jul med Gustava Kielland

Prestekona Gustava Kielland levde på Finnøy frå 1824 til 1837, og er først og fremst kjent for å ha skrive «O jul med din glede», samt kvinna som stifta den første misjonskvinneforeininga på 1840-talet. I 2016 blei konseptet utvikla, som eit førjulsarrangement for betalande grupper. Me har også hatt enkelte påmeldingsturar. Fokuset er Gustava, finnøysamfunnet og julefeiring, og er ei tidsreise 200 år tilbake, samtidig som det kombinerast med litt julefeiring i dag. Sjå meir her.

Utvandrarskipet Restauration

Replikaen av Emigrantskipet Restauration blei bygd på Ryfylke Trebåtbyggjeri frå 2007 til 2010. Samstundes hadde Ryfylke Livsgnist ansvaret for å utvikla historia som skulle forteljast om bord, samt for kva som burde serverast. Då båten blei sjøsett heldt Ryfylke Livsgnist fram med å organisera alle turar i fire år, samtidig som ein hadde ansvar for alle historieformidlarar og organisering av stiftinga. Frå 2013 hadde Ryfylke Livsgnist ansvar for turar og historieforteljarar, fram til og med 2018.

Tyskerhålene

«Tyskerhålene» er ei anna teatralsk kulturhistorisk oppleving på Finnøy. Konseptet er basert rundt den gamle tyskarfestninga på Søre Vignes på Finnøy. Her møter ein lokalbefolkning og tyske soldatar anno 1941. Historieforteljing og skodespel, nett som eit vandreteater.  Latter og klump i halsen går om ein annan. Dette blir spelt for både skuleklassar, bedrifter, lag og pensjonistforeiningar. Sjå meir her.

Haugespor

I 2021 var det 250 år sidan Hans Nielsen Hauge blei fødd. Eit år tidlegare var Tor Øyvind i gang med research for å førebu skriving. Koronatiltak og utsetjingar stoppa oss ikkje. I mai 2021 var det premiere på «Haugespor – skaparånd, spetakkel og strikkepinnar». Førebels siste førestilling var i Bergen i 2022. Det er spelt 40 gonger, i heile landet. Tilbakemeldingane er dei beste me nokon gong har fått. Haugespelet medførte også samarbeid med Stavanger Bispekontor og det nasjonale Haugejubileet på fleire område. Haugespor er så langt høgdepunktet når det gjeld våre førestillingar. Sjå meir her.

Sjå kva meir me tilbyr >>