Jul med gustava

«O Jul med din glede»
-Jul med Gustava Kielland

Ei førjulsoppleving i eit 200-års historisk spenn. Lunt, morosamt, stemningsfullt og utan stress! I Gustava Kielland sine fotspor. Berre på Finnøy!

«Vi ønsker deg alle velkommen»
Gustava Kielland er mest kjent for å ha skrive «O jul med din glede» og for å ha starta den aller første misjonskvinneforeininga i Norge. Som prestefrue på Finnøy (1824-1837) sette ho og mannen Gabriel djupe spor etter seg.

«Vi vet nok hvorhen de skal drage»
Turen vår startar i mellomalderkyrkja Hesby kyrkje. Her møter me Gustava og får bli med tilbake til 1800-talet med kvardagsliv og julefeiring. Senk skuldrene og opplev ei blanding av musikk, skodespel og historieformidling framført på originalt vis.

«Så knytter vi kjærlighets hellige bånd»
På Utsyn Ungdomssenter er bordet dekka til ein flott, mettande og smakfull julelunsj. Inne på Utsyn blir det også julemusikk, julekåseri samt ein liten julemarknad med lokale råvarer og produkt.

Sjå praktisk info under bileta!

 Foto: Geir Landa

Praktisk info

Servering

Me serverer kaffi og noko attåt i kyrkja. Og på Utsyn kan de forsyna dykk av eit bugnande julelunsjbord, til glede for både auge og mage.

|

Gruppestorleik

Frå 30 personar og oppover. Ei busslast (eller to) passar fint! 

Julemarknad

På slutten av dagen vil det bli høve til å handla lokale varer frå vår vesle julemarknad inne på Utsyn. Her kan ein både finna noko til seg sjølv, og kanskje ei julegåve eller to?

Varighet

Ein førjulstur med Gustava varer ca 5 timar, inkludert mat, opplegg og køyretida på Finnøy. 

Sjå kva meir me tilbyr >>

Stolt medlem av Ryfylkealliansen

Ryfylke Næringshage
Nedre Hauskjeneset 3
4160 FINNØY

post@ryfylkelivsgnist.no
+47 907 73 796
+47 940 01 017

Følg oss på Facebook

© Ryfylke Livsgnist

Pin It on Pinterest