Zahl og Skeiseids juledryss

– Nedsnødd og pakkenært

Med song, stubbar, skråblikk og skøy tar Bjørn-Erik Slim Zahl og Tor Øyvind Skeiseid forsamlinga med inn i upolert julepakning frå levde liv og kunstig kontrast.

To menn, litt over midt i livet, koplar jul, forventing, musikk og tradisjon. Begge nærmar seg femti. Då er det lov å mimra og setja ukritisk jule-søkelys på det som var, er og koma skal. Frå heftig julestorm i Finnmark til dyrevenleg innekos på Finnøy.

Ein lun times tid for dei som vil ha noko for smil, sinn og tanke.

Kven passar framsyninga for?

Bedrifter, lag, organisasjonar og andre som skal samlast. Det kan vera i høve ein julelunsj, eit advents- eller julearrangement på dag- eller kveldstid. Ja, Zahl og Skeiseid kjem engledryssande der de skal vera. Me er enkle å ha med å gjera.

Interessant?

Ta kontakt for pris og dato.

Foto: Geir Landa

Ta kontakt

Tor Øyvind Skeiseid
982 06 333
tor@ryfylkelivsgnist.no