UTSYN

Utsyn – gjestmildt og romsleg

Perfekt for konferansar, selskap, måltidsfellesskap og overnatting. Utsyn Misjonssenter på Finnøy er så mykje meir enn ein leirplass. Snakk om fleksibelt, hjartevarmt og brukarvenleg.

Utsyn Misjonssenter er ein leirstad på Finnøy, som ligg nydeleg til ytst på neset med panoramautsikt utover heile Finnøyfjorden. Utsyn: ein kan trygt slå fast at plassen lever opp til namnet sitt!
Hovudverksemda på Utsyn er leir og weekendopphald. Men, me i Ryfylke Livsgnist og andre har nytta staden til selskap, kurs, konferansar, møte, overnatting og matservering. Mange, både privatpersonar og bedrifter, bruker også Utsyn til catering.

Sidan 2020 har heile hovudbygget vore gjennom ei total oppgradering med fleire utvidingar. Utsyn har ein stor og innbydande matsal, med splitter ny møtesal og stove. Salane kan brukast både kvar for seg, eller som eit stort lokale. I møtesalen er det stor scene, topp lydutstyr og utstyr til presentasjon med skjermbreidde på 3,5 m. Bilete kan også synast på skjerm i matsal og i stovedelen, og desse kan samkøyrast ved store arrangement.

Ryfylke Livsgnist har samarbeidd med Utsyn om hundrevis av arrangement gjennom åra. Konsepta Vandring i Bedehusland, Jul med Gustava Kielland og andre tilstellingar har samla vel 20 000 gjester til bords på Utsyn. Ryktet om maten på Utsyn har spreidd seg langt, og her er det heimelaga mat, både for den som vil ha tradisjon og meir innovasjon.

Utsyn passar godt for lunsj til lunsj-samlingar i vekedagane for bedrifter og andre personaltilstellingar. Kva om Ryfylke Livsgnist og Utsyn legg til rette for opphald, mat, lagbygging og påfyll, i tillegg til arbeidet de sjølve skal utføra?

Utsyn har 21 soverom, alle med eige bad, og total sengekapasitet til 81 gjester.

Sjå kva meir me tilbyr >>