UT AV BOKSEN
Løye, krevjande og kreativt
Korleis taklar du stress? På kva måte kan de samla mest mogleg poeng? Er det raskaste veg til målet? Eller må me pusta meir med magen?
Ut av boksen er Ryfylke Livsgnist sitt nye aktivitetsopplegg – fullt av fart, samarbeid og smarte val.
Opplegget kan gjennomførast omtrent kvar som helst, og me er gjerne ute 🌿
Her møter laga kvarandre i varierte øvingar der det ikkje berre handlar om å vinna.
For er det alltid smartest å gå for suveren siger – eller løner det seg å spela slik at også motstandarane lukkast?
I Ut av boksen jagar me bonusoppgåver som kan gje fleire poeng. Det er aldri dautid: laga rullerer jamt, møter nye lag og skal gjennom seks ulike oppgåver. Men følgjer de ikkje instruktøren si rettleiing, ja – då renn tida ⏳
Oppgåvene er varierte i både form og vanskegrad, og kan by på alt frå
🧭 forflytting og plasseringskunnskap
🔢 talspel og kodelåsar
⛰️ høgdedrag og stafett-teft
Klar for å tenkja nytt, samarbeida smart – og koma ut av boksen? 🚀 Ta kontakt med maria@ryfylkelivsgnist.no.