TYSKERHÅLENE
Historisk vandreteater i spora etter krigen
Krigshistorie med undring, klump i halsen og latter. Er det mogleg? Ja, me formidlar med både alvor og humor når me drar tilbake til andre verdskrigen og krigsåra på Finnøy. Og me strekkjer til og med historia i eit 200-års perspektiv. Velkomen til festningen på Søre Vignes, eller berre «Tyskerhålene» som me seier på Finnøy.
Frå 1941 bygde tyskarane både kanonstillingar, minefelt, ammunisjonslager og mannskapsbrakker. Folk på nokre av gardane måtte flytta, og de får møta både bønder og soldatar frå okkupasjonsmakta i dette historiske vandreteateret. Fortviling, sterke kjensler og tårer blir blanda i hop med galskap, hysteriske dialogar og tysk-norske forviklingar. Går det an? Ja, i dette krigshistoriske vandreteateret på Finnøy er alt mogleg. For her går alvor og skjemt hand i hand!
For vår framføring er ei historisk reise til ettertanke. For me trekkjer linjene tilbake til utvandringa til Amerika og fram til i dag. For kva har gjort at folk har flytta på seg? Kor søkjer ein trøyst når det farefulle hender? Og krig og uro er skremmande aktuelt i dag også. Då søkjer me til både historie, refleksjon og latter. Ja, bli med på eit gripande og morosamt skodespel med dyktige, lokale skodespelarar. Vår vert og turleiar sørger for den raude, spennande tråden, som ei 200 årsreise.
Det blir også vist film frå andre verdskrigen og framført levande musikk inne i fjellet – i «hålene».
Det historiske spelet varer godt og vel to timar. Somme kombinerer med litt mat før eller etterpå, og somme legg også til aktivitetar i det flotte området. Me kan ta imot grupper på opp mot vel 60 personar om gangen. Spelet er delvis utandørs. Men, om det regnar sit me innomhus med tak over hovudet. Me har både tepper og saueskinn. Men, det er viktig å kle seg etter temperaturen!