Tusen heftige år

Det sit i veggane!

Eit historisk tusenårsspel i ærverdige Hesby kyrkje på Finnøy. Gjennom musikk, spel og mange sceneskift får du oppleva vår versjon av historia, der me går frå pest til fest, kongemakt til frykt, drama til kvardag. Kort veg frå latter til klump i halsen. Dette er ei tusenårig Norgeshistorie, sett ut ifrå Finnøy. Frå 1025 til 2025 på to timar.

Førestillingar:
Premiere torsdag 6. november kl. 19.00 – utseld
Fredag 7. november kl. 19.00 – utseld
Laurdag 8. november kl. 20.00 – kjøp billett her
Sundag 9. november kl. 17.00 – kjøp billett her

Manus: Tor Øyvind Skeiseid
Musikk: Bjørn-Erik Zahl

Billettar: 
Ordinær                    430 kr inkl. gebyr
Student/ungdom    325 kr inkl. gebyr
Grupper                    375 kr*

*Må vera minst 10 personar, og blir bestilt på e-post til helene@ryfylkelivsgnist.no Her må alle betala samla, enten på faktura eller vipps.

Avhengig av rullestol? Me legg til rette for at spelet blir ei storhending for alle. Bestill billettar som vanleg. NB: Dersom du er avhengig av ein som følgjer deg, skal IKKJE denne personen betala billett. Bestill og betal derfor det talet billettar de skal ha utanom ledsagar. Send etterpå ein e-post til helene@ryfylkelivsgnist.no og informer om at de kjem med rullestol og evt. ledsagar i tillegg. Så legg me til rette både med parkering og plassering i kyrkja. Gyldig ledsagarbevis må visast fram ved inngang. Velkomen!

NB: Alle barn i Finnøy kommunedel frå 5. til og med 10. klasse (i haust) får sjå spelet gratis som skuleførestilling.

Foto: Geir Landa

Foto: Kristofer Ryde

AKTØRANE

Tor Øyvind Skeiseid

Skodespelar og manusforfattar

Eirin Nordbø Akselrod

Skodespelar

Svanhild Eggebø Spanne

Skodespelar

Tolli H. A. Frestad

Skodespelar

Martin Tungland

Skodespelar

Maria Flesjå Sivertsen

Skodespelar

Ellinor Eikeland

Skodespelar

Omine Eggebø Øygarden

Skodespelar

Lykke Iren Flesjå-Johansen

Skodespelar

Signe Bråtveit

Skodespelar

Symre Kvernenes

Skodespelar

Erle Vignes Isachsen

Skodespelar

Bjørn-Erik Zahl

Musikalsk ansvarleg og gitarist

Bjarte Mo

Fiolinist

Bjørn Terje Bertelsen

Pianist og organist

Tor Bjarne Flesjå

Rekvisitør

Aksel Tungland

Scenearbeidar

Eivind Kiledal og Even Isachsen

Vella Mango, lys og lyd

Helene Ringen Vestbø

Billettansvarleg / kostyme

Kristine Olsen

Marknadsføring

Portrettfoto: Geir Landa

Silje Mjølsnes

Sminkør

SAMARBEIDSPARTANARAR

Dette spelet er umogleg å få til utan gode medspelarar. På denne sida vil me fortløpande markera dei som er med og støttar «Tusen heftige år».

Sjå kva meir me tilbyr >>