Slik starta Ryfylke Livsgnist

Slik starta det…

20 år med Livsgnist
Heimlengsel førte til kulturopplevingar for titusenvis av menneske.
Ja, slik kan gjerne ingressen vera for Ryfylke Livsgnist, som i 2023 fyller 20 år. Det er stas.

Kameratane og finnøybuane Leif Arild Steen og Tor Øyvind Skeiseid var naboar i Stavanger. Saman våga dei å satsa, sende Tor Øyvind heim til Finnøy først, og nokre år seinare kom Leif Arild.

I dag er Tor Øyvind framleis dagleg leiar, medan Leif Arild er styremedlem og nest største aksjonær. Og begge kan sjå tilbake på ei innhaldsrik historie, som det er vel verd å feira.

Stifting i stova og papir frå Brønnøysund
Sundag 16. februar 2003 var Eirik Kongsvik, Leif Arild Steen, Tor Øyvind Skeiseid og Torolf Nordbø samla i Leif Arild og fru Ingvild si stove i Ellsworths gate 66 i Stavanger. Saman stifta dei fire utflytta finnøybuane Ryfylke Livsgnist AS, med dei tre førstnemnde som skriftlege stiftarar. Men, sidan det var sundag, og den slags type hendingar passar best i vekedagane, står det måndag 17. februar på papiret. Deretter var det å senda inn papir, samla inn dei første 100 000 kronene i aksjekapital, skaffa 7 000 kroner i stiftingskostnader til ein eller annan rekneskapsmann, og senda av garde til Brønnøysund.

Ein god månad seinare kunne ein stolt blafra med firmaattesten frå Brønnøysundregistra:
– Organisasjonsnummer 985 465 681
– Aksjeselskap
– Stiftingsdato 17.03.2003 (det går alltid ein månads tid til det blir skikkeleg)
– Registrert i føretaksregisteret: 22.03.2003
– Føretaksnamn: Ryfylke Livsgnist AS
– Forretningsadresse: v/Tor Øyvind Skeiseid, 4160 FINNØY
– Kommune: 1141 Finnøy
– Land: Noreg
– Vedtaksfesta formål: Kulturformidling, vera ideskapar og pådrivar for kulturelle opplevingar.

Ryfylke Livsgnist AS skal også kunna delta i andre selskap med liknande verksemd, ved kjøp
og sal av aksjar eller på annan måte gjera seg interessert i andre foretak.

Tomatar og akvakultur
Tor Øyvind hadde sin siste arbeidsdag i NRK Rogaland 28. februar 2003. Han kom aldri tilbake. Første mars var det Ryfylke Livsgnist, og det har det vore sidan. Dei første månadene jobba han vekselvis frå rekkjehuset i Stavanger og pendling til Finnøy, før familien flytta til Finnøy om sommaren. Deretter har det vore Finnøy. Alt frå mars blei det arbeid med Tomatfestival. For finnøybuen hadde den vinteren funne ut at Finnøydagane skulle avviklast, og noko nytt skulle skje. Men, ein trong ein person til å leia arbeidet. Det skulle bli starten på noko stort. Men, hovudgrunnen til at Tor Øyvind våga å satsa fullt, var grunna Rygjabø vidaregåande skule på Finnøy. Rektor Magnus Mathisen hadde høyrt rykte om ein kar som skulle flytta heim. Og Rygjabø vgs hadde behov for ein person som kunne leia marknadsførings- og rekrutteringsarbeidet ved skulen.

Skulen, med vel 100 elevar fordelt på matfag og naturbruk, heldt til både i det gamle husmorskulebygget og i det nedlagte meieriet på Judaberg. I tre flotte år hadde Tor Øyvind halve arbeidstida si ved skulen. Og utan Rygjabø, hadde nok ikkje Ryfylke Livsgnist hatt moglegheit til å byggja seg opp til det det skulle bli. Dette var i ei tid då havbruksnæringa låg å vaka, skal det bli stort eller vera passe lite. I dag kan alle sjå til Strand vgs, som overtok etter Rygjabø, som nå er nedlagt. Natubruks- og havbruksutdanninga er meir populær enn nokon gong. Og Tomatfestivalen, som altså såg dagens lys i 2003, er blitt eit svært populært arrangement i Rogaland.

Styre og stell
I dag er det Kristine Olsen, Helene Ringen Vestbø, Maria Flesjå Sivertsen og Tor Øyvind Skeiseid, som er tilsette i Ryfylke Livsgnist. I styret sit Leif Arild Steen, Silje Vignes Flesjå, Merete Halleland, Torolf Nordbø, Tolli H. A. Frestad og Tor Øyvind Skeiseid. Desse har vore tilsette i faste stillingar i Ryfylke Livsgnist gjennom desse 20 åra: Tor Øyvind Skeiseid, Kåre Vignes, Helene R. Vestbø, Leif Arild Steen, Oddvar Vignes, Tolli H. A. Frestad, Brit Elin Nordbø, Svanhild Eggebø Spanne, Heidi Frestad, Silje Vignes Flesjå og Kristine Olsen.
I tillegg har Ryfylke Livsgnist hatt fleire tilsette på oppdragsbasis. Dessutan er det mange ungdomar som har hatt sommarjobb, helgearbeid og arbeid på prosjekt- og timebasis for Ryfylke Livsgnist. Dei som har lengst fartstid her er Edle Skeiseid, Lars Skeiseid og Elin Flesjå.

Sjå kva meir me tilbyr >>