Ryfylkekokken – eit smakfullt samarbeid

Ryfylkekokken

Eit smakfullt samarbeid

Det er 15 år sidan kokken Frode og livsgnistar Tor Øyvind jobba saman for første gong. Ein festmiddag i Stavanger Forum skulle bli starten på eit langt, fruktbart og hendingsrikt samarbeid. Tor Øyvind Skeiseid var leigd inn som konferansier over to dagar. Kjøkkensjefen på Spa-hotell Velvære på Hjelmeland, Frode Selvaag, hadde ansvaret for festmiddagen. Dei to kjente ikkje kvarandre frå før. Men, det blei god match frå første planleggingsmøte. Scena var Haustseminaret til Kommunikasjonsforeningen og staden var Stavanger. Godt og vel 300 menneske frå heile landet var samla. Og etter middagen, der Tor Øyvind og Frode baud på det beste og det meste frå Ryfylke, kom det begeistra frå kommunikasjonssjefen i Oslo kommune: «Makan til merkevarebygging har jeg aldri vært med på.» 

Sidan har Frode og Tor Øyvind hatt tusenvis av menneske til måltid. Og det blei ein skikkeleg kickstart då Frode og Tor Øyvind gav ut matboka «Matgleder i Ryfylke» i 2009. Undervegs i lanseringa, oppstod «Kokken og Tosken». Ja, for historieformidling knytt til mat slår an. Kombinasjonen mat og humor er perfekt. Eit matshow der gjestane blir involverte i matlaging, gjennom konkurransar og utfordringar. I tillegg til masse latter, blir gjestane inspirerte til å laga mat sjølv og ikkje minst til å bruka lokale råvarer. Fleire tusen menneske har storkost seg i alle moglege typar måltid med Frode og Tor Øyvind, både innandørs og utandørs. Duoen elskar å skapa muntre og meiningsfulle møte med mat på bordet. Barn som smakar noko dei er skeptisk til, og som blir i fyr og flamme, ja då er det ekstra kjekt å vera kokk og tosk.

 Så må me understreka at Ryfylkekokken er både herr og fru Selvaag, Frode og Cathrine. Cathrine er også kokk, men er i tillegg eit organisatorisk geni. Det har me alle hatt store glede av i årevis. Ryfylke Livsgnist er utruleg takksame for det samarbeidet me har hatt med Cathrine og Frode. Me gler oss alt til neste måltid.

 

Sjå kva meir me tilbyr >>