Ryfylkekokken

Gnistrande matopplevingar

Dei beste smaksopplevingane frå Ryfylke får du frå Ryfylkekokken. Når du koplar kokken Frode Selvaag med Ryfylke Livsgnist blir måltidet av den heilt spesielle sorten.

«Kokken og tosken», «løyen lønsj» og «utemiddag rundt bålet» er berre nokre av stikkorda for det Ryfylke Livsgnist og Ryfylkekokken tilbyr i lag. Alt frå måltid for få til måltid for grasat mange. Ja, middagsselskap i store lagerhallar til inne i ei lita hytte. Og ikkje minst: Måltidsopplevingar på Finnøy.

Frode Selvaag og livsgnistar Tor Øyvind Skeiseid har ofte kalla seg ein «kokk og ein tosk». Saman skapar dei smaksopplevingar, involvering, humor og historier time etter time, rett etter rett. Ja, eit matshow der gjestane kjem tett på, er med på matlaginga og kjenner på konkurranseinstinktet. Det fine er at eit matshow aldri er likt. Det kan gå på tal rettar, type måltid, og kan vera på dagtid, ettermiddag eller kveld. Gjerne på Landshuset på Finnøy, som er Ryfylkekokken sin boltreplass. Eller at me kjem til dykk.

Dessutan elskar me å servera mat ute. Bål er ekstra snadder. For her kan me saman trylla fram den mest smakfulle suppe, by på laks på planke eller ein herleg eplegløgg. Og korleis kan me nytta det som er rundt oss til vårt neste måltid?

Me meiner faktisk at mat smakar ekstra godt ute i ryfylkenaturen. Det gjeld både for vaksne og unge.

Her kjem lovnaden: Munter, grundig og skikkeleg mat frå Ryfylkekokken og Ryfylke Livsgnist er smaks- og totaloppleving av det ekte, jordnære og beste slaget. Garantert.

Så, vil du koka i hop med oss? 
Ta kontakt med tor@ryfylkelivsgnist.no eller maria@ryfylkelivsgnist.no 

Foto: Elin Engelsvoll

Foto: Geir Landa

Foto: Geir Landa

Foto: Geir landa

Foto: Geir Landa

Foto: Geir Landa

Sjå kva meir me tilbyr >>