Om oss
Ryfylke Livsgnist har sidan 2003 tilbode opplevingar til små og store. Me er fire jordnære og kreative menneske, som vil skapa livsgnist og glede til folket.
Ryfylke Livsgnist
Kven hadde trudd at heimlengsel skulle medføra opplevingar for tusenvis av menneske i 20 år? Ryfylke Livsgnist er blitt ein vesentleg tilbydar i Rogaland innan kultur, reiseliv, underhaldning, skodespel, prosjektleiing, konferansieroppdrag, inspirasjonssamlingar, aktivitetar, matshow og meir som kan gje livsgnist.
Då Tor Øyvind Skeiseid i 2003 braut opp frå bylivet i Stavanger, og ein trygg jobb i NRK, var målet å skapa levebrød på barndomsøya Finnøy. Nå er me ein kvartett, som likar å leika, le, læra og arbeida grundig. Ja, slik at du skal kjenna at det var godt å vera i lag med oss, oppleva våre konsept eller besøkja nokre av våre samarbeidspartnarar.
I dag er me ein kvartett som likar å leika, le, læra og arbeida grundig. Ja, slik at du skal kjenna at det er godt å vera i lag med oss, oppleva våre konsept eller besøkja nokre av våre samarbeidspartnarar. Me er Helene Ringen Vestbø, Kristine Olsen, Maria Flesjå Sivertsen og sjef og gründer Tor Øyvind Skeiseid. Saman er me både tilbydarar, skodespelarar, gjennomførarar, vertsskap, organisatorar og kreative folk frå Ryfylke.
Finnøy i Ryfylke er ein boltreplass for oss, men me reiser også ofte ut for å gjennomføra oppdrag. Vår bakgrunn og erfaring frå journalistikk, kommunikasjon, marknadsføring, sauehald, butikk, lærar, gardsdrift og hønsehus, meiner me er ein glimrande kombinasjon.
Me er stolte av å jobba med store prosjekt som Tomatfestivalen, Ryfylkealliansen, Ryfastløpet, 100-årsjublieet til Smelteverket i Sauda, Helgøyfest, samt framført eigenproduserte oppsettingar som «Luther med latter» og «Haugespor». Og så er det kvardag og fest om ein annan for oss. Ein busstur til Finnøy. Ei TV-sending om Ryfylke. Eit spel frå andre verdskrigen. Ein konferanse å leia. Eit føredrag å halda. Eit matshow å kosa seg med. Nokre aktivitetar å gjennomføra. Det er stor spennvidde i vår arbeidskvardag, og kva du kan oppleva saman med oss. Vonar du vil bli meir kjent med oss fire. Me vil gjerne vera med deg!