Øklands og skeiseids jul

Desember er også tid for julekonsert

Familiegruppa Øklands frå Randaberg tar i år med seg livsgnistar Tor Øyvind Skeiseid på juleturné. Øklands er søskentrioen Aina Økland Schøld, Merete Økland Espedal og Kjetil Økland. Med på laget er dugande ektemenn Aril Schøld og Tor Kjetil Espedal. På juleturneen er også gitarist Kjell Rune Fjellheim og fiolinist Bjarte Mo med på fleire av konsertane. Og så Tor Øyvind Skeiseid då. Med varme, ettertanke og ein solid dose humor, smyg han seg inn mellom juletonar og funderer på denne julehøgtida. Konsert med Øklands og Skeiseid er både på Tau, Grødem, Ålgård, Flekkefjord og Rennesøy i heile desember. Billettar er lagt ut for sal.

Fotograf: Kjell Rune Fjellheim