førestillinga «NÅDe»

Den forunderlege nåden

Humoristisk, gripande og tankevekkande.

Ryfylke Livsgnist stod bak suksessen “Luther med latter” i 2017. No er “professoren” tilbake med ei ny førestilling. Professoren er headhunta som konferansier for kvelden, og byr på seg sjølv med sin lune humor og sitt originale vesen. I “Nåde” er kontrastane og verkemidla store og sterke, historiene rører ved det djupaste i trua vår. Førestillinga utfordrar både lattermusklane og tårekanalane.
Skodespelarane byr på dramatisering av ulike historier, både historiske, bibelske og dagligdagse. Alt knytta opp mot, og saman med, bibellesing og songar. 
Målet med førestillinga er å formidla kva nåde er, kva det har betydd for menneske før oss, og kva det betyr for oss i dag.

Meir informasjon under bileta!

 

Foto: Geir Landa

Praktisk info

Komande førestillingar

Det er ingen planlagte førestillingar per nå.

Ta gjerne kontakt om du vil bestilla førestillinga til ein stad nær deg!

|

Gjennomførte førestillingar

2020:
14. feb: Bibeluka i Sandnes, Gand kirke

2019:
21. mars: Valen kyrkje
31. jan: Lyngdal kirkesenter
24. jan: Misjonssalen, Sandnes

2018:
27. sep: Nærbø kyrkje
2. sep:   St. Petri kirke, Stavanger
1. sep:   Etne kyrkje
25. aug: Brandøy Misjonsenter
20. juni: Hesby kyrkje, Finnøy
18. mai: Utstein kloster, Mosterøy

 

 

r

Bestill førestilling!

Ønskjer du at me skal koma til ei kyrkje eller bedehus (eller ein annan arena) nær deg? Ta kontakt på svanhild@ryfylkelivsgnist.no for pris og meir informasjon.

Varighet

Førestillinga NÅDE varar ca 1 time og 15 minutt utan pause.

Sjå kva meir me tilbyr >>

Tilbakemeldingar

«Dette vil eg anbefala alle eg kjenner å gå på, og ta med nokon.
Eg har høyrt om nåde heile mitt liv. Men denne framsyninga gav meg ei heilt ny oppleving av kva nåden er i mitt daglege liv.»

«Det vart «NÅDE over nåde» for dei ca 185 frammøtte då Ryfylke Livsgnist besøkte Valen kyrkje i kveld. Ei fantastisk flott formidling av Guds nåde, ispedd ei god blanding av mykje lun humor og gripande forteljingar. På rekke og rad kom det mange flotte aktualiseringar av ulike bibeltekstar, slik at både ung og gamal kunne kjenne seg igjen i budskapet. Tusen takk for ei flott stund i kyrkja!»

Jan-Ove Fagerheim, Kvinnherad Kyrkjelege Fellesråd