Matshow med Kokken og Tosken

Me kan mat og me kan show!

Når Ryfylkekokken Frode Selvaag og livsgnistar Tor Øyvind Skeiseid inviterer til måltid, er det matoppleving, humor og lagbygging i ei salig suppa. Frode og Tor Øyvind Skeiseid har ofte kalla seg ein «kokk og ein tosk». Saman skapar dei smaksopplevingar, involvering, humor og historier time etter time, rett etter rett. Ja, eit matshow der gjestane kjem tett på, er med på matlaginga og kjenner på konkurranseinstinktet.  

Det fine er at eit matshow aldri er likt. Det kan gå på tal rettar, type måltid, og kan vera på dagtid, ettermiddag eller kveld. Gjerne på Landahuset på Finnøy, som er Ryfylkekokken sin boltreplass. Eller at Frode og Tor Øyvind kjem til dykk. 

Og me vil vita kven de er? Då kan me førebu oss skikkeleg, og laga måltidsopplevinga saman med dykk, som de aldri vil gløyma.  

Matshow med Kokken og Tosken passar for alle gruppestorleikar. Me kan vera kor enn de måtte ønskje, så lenge det er tilgang til kjøkken. Opplegget varar frå 3 timar og oppover.

Interessert? Ta kontakt med tor@ryfylkelivsgnist.no 

Foto: Geir Landa

Foto: Geir Landa

Sjå kva meir me tilbyr >>